«All in» for Jesus

Det har oppstått ein underleg debatt om det er rett å utfordra kristne, særleg unge kristne, til å gå «all in» for Jesus. Debatten er knytt til den planlagde misjonskonferansen «The Send», som er tenkt å samla tusenvis av ungdom og utfordra dei til forpliktande misjonsengasjement.

Det har ikkje vore mykje forkynning om misjon og kall til misjonsteneste dei seinare åra. Som kristne i velferdsstaten Noreg, med stadig sterkare sjølvdyrking, er ikkje kall og utfordring til offer og nedprioritering av seg sjølv, det som vinn lettast fram. Slik sett må ein vera glad og takksam for at det er nokon som vil kalla unge kristne saman til misjon og kalla dei til misjonsteneste, utan at eg her skal gå inn i konseptet for «The Send».

Det kan ikkje vera tvil om at det å kalla og utfordra kristne, unge som eldre, til å gå «all in» for Jesus, er rett, når det skjer på basis av evangeliet og bibelsk misjonsforståing. Det å verta frelst, er ikkje todelt. Det er heller ikkje det kristne livet. Frelseskallet er også eit tenestekall. Kristenlivet er ein heilskap, der alt er i Jesu frelsarhender og i Jesu allmaktshender, og under Jesus som Herre.

Når vi les evangelia, ser vi at Jesus var svært radikal når han kalte sine læresveinar, både dei tolv og andre. Dei fekk beskjed om å gje avkall på sitt eige liv, og fylgja Jesus. Dei fekk ikkje ein gong lov til å gå heim og gravleggja sine døde, det kunne andre gjera. Den gode hyrding gjev alt for sauene, det gjer ikkje leigekaren. Det var ikkje mykje atterhald då Paulus vart omvend. Han gjekk «all in» som apostel. Slik kunne vi halda fram med mange døme frå Bibelen, og Sangboken har mange songar som kallar til det same.

Kyrkjehistoria er også full av kristne som gjekk «all in», ikkje minst martyrane i oldkyrkja, inkludert apostlane. Det same gjeld forfylgde kristne i dag. Martin Luther gjekk også «all in» for det han hadde sett i Guds ord, altså evangeliet og forkynninga av det. Det skulle ikkje store atterhaldet til, før det ikkje hadde vorte nokon reformasjon. Då den evangeliske verdsmisjonen starta ut frå pietismen, var det mange misjonærar som gjekk «all in». For nokre var det med livet som innsats. Slik har det vore opp gjennom heile misjonshistoria.

Det store spørsmålet for oss norske kristen er: Er det slik med oss i dag, eller har vi vorte velferdskristne?

Når vi på bibelsk grunn slik utfordrar til å gå «all in» for Jesus, må vi seia litt til. Det må skje på ein åndeleg sunn måte, der folk, særleg ungdom, ikkje vert åndeleg overkjørte eller der ein misforstår og misbrukar misjons- og misjonærkallet.

 I dei etablert organisasjonane har det vore og er ein diskusjon om misjonærbarn. Ein del av desse har opplevd seg «ofra» på misjonens alter. Det har sin grunn i at ein har kome i skade for å setja misjonskallet over familiekallet, eller ikkje har teke familiekallet nok på alvor. Misjon og familie skal ikkje setjast opp mot kvarandre, men ekteskapet og familien skal, for gifte folk, vera basis for alt anna. Handlar ein feil her, er det meir å gå «all in» for ein organisasjon eller eit kyrkjesamfunn, enn «all in» for Jesus.

Det har også vore debatt om ulike kristne samanhengar der sterke leiarar har utfordra og styrt unge menneske så sterkt at det må kallast åndeleg overkjøring. Det har vorte stilt urimeleg og etisk uforsvarlege krav. Det fører til at ein går «all in» for leiarane i staden for «all in» for Jesus. Åndeleg usunne fellesskap og kulturar må ein unngå, slik at ein kan leggja til rette for ein sunn måte å gå «all in» for Jesus på. Helse og menneskelege føresetningar vil også spela inn i korleis det skal gjerast.

Altså: Ja, til «all in» for Jesus, på bibelsk grunn og på sunn åndeleg måte. Dette trengst det eit sterkt kall til i vår åndeleg slappe tid.

Johannes Kleppa