Hjarta – tru og tanke

Eg har nett hatt bibelhelg med tema frå Ord. 4.23 om å ta vare på hjarta, framfor alt ein vaktar, fordi livet går ut frå det. Det er eit omfattande tema, fordi det hjarta står for i Bibelen er omfattande. Ordet dukkar opp over alt, visst nok 572 gonger, og der ulike sider ved tru og liv er knytt til hjarta. Hjarta står for senteret i personlegdomen vår, og alt av åndsliv er knytt til hjarta. Hjarta er plassen for gudsnærværet, Jesus bur ved trua i hjarta. Alt frå bønneliv og kjærleiksliv til viljesliv og samvitsliv går ut frå hjarta. Vi har eit hjarta fordi Gud har eit hjarta, og vi er skapte i hans bilete.

Det som særleg går att når det er tale om hjarta, er trua og tanken. Det er ein indre samanheng mellom tru og tanke, og tanken styret livet. Det er difor så viktig at tanken er integrert i trua, slik at livet ikkje vert spalta mellom ein åndeleg del (trua) og ein verdsleg del (tanken). Det fører til eit splitta gudsliv, der det ikkje er samsvar mellom trua og livet. Trua føreheld seg då til det evige, medan tanken og livet føreheld seg til det som rører seg i samfunnet, tankane i tida – eller tidsånda.

Apostelen Paulus skriv til korintarane at han er redd Satan skal dåra dei og forderva tankane deira, og med det venda dei bort frå truskapen mot Kristus, slik ormen gjorde med Eva i Edens hage (1 Kor. 11.3). Der fekk han Eva til å tenkja annleis enn Gud hadde sagt ho skulle tenkja, og det ført til handling av det aller mest dramatiske slaget – syndefallet. Slik ein tenkjer, slik handlar ein.

Av denne grunn seier Paulus til dei same korintarane at dei skal riva ned alle tankebygningar og alt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, fordi det er festningar Satan brukar til å hindra folk i å koma i kontakt med Gud. Samstundes skal dei ta sin tanke til fange i lydnad mot Kristus (1. Kor. 10.3-5). Dette skjer ved Guds ord, ved at ein ut frå Bibelen påviser kva som galt og kva som er rett. Det som strid mot Guds ord skal vi avvisa, og det som er i samsvar med Guds ord skal vi la oss fanga inn av. Denne avsløringa og nedrivinga gjeld i forhold til alle ideologiar, livssyn, ismer, religionar og all bibelstridig teologi. På alle livsområde skal så tanken formast av Guds ord, altså vera i samsvar med ei kristen røyndomsforståing og eit kristent verdsbilete.

Dette må vi arbeida med på det personlege planet gjennom bibelstudium og kritisk prøving av alt som møter oss i samfunnet gjennom kulturen, media, politikken og lovgjevinga – og særleg gjennom skulen. Vi må også ta det opp i forkynning og undervisning i den kristen forsamlinga.

Sidan all tenking i folket vert forma gjennom det som vert lært i skulen, og det stammar frå slik det vert tenkt og lært ved høgskular og universitet, er det særleg viktig at vi er opptekne med dette i høve til all opplæring og oppseding av borna våre. I denne samanheng kan det ikkje overvurderast kor viktig kristne skular er, når desse i all si undervisning er forplikta på openberringa i Bibelen. Det er stor fare for at foreldre, også kristne foreldre, ikkje ser kva forming som av borna si tenking som skjer i skulen, og at denne i praksis vert tankebygningar og høgder som reiser seg mot kunnskapen om Gud – og med det mot trua.

Eg vil i denne samanhengen gjerne løfta fram Kjell J. Tveter og Kjell Skartveit si bok «Det kristne verdensbildet» (Ventura forlag), som ei god hjelp til ungdom og foreldre på dette punktet. Denne boka er solid apologetikk med tanke på unge si tru og tenking.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock