Arven etter Marie Monsen

Eit par dagar har eg delvis vore «bokhandlar» på ein misjonskonferanse i Bergen, Mission. Hovudtemaet har vore arven etter Marie Monsen (1878-1962). Det er tankevekkande at det kan vera eit tema på ein misjonskonferanse som – svært gledeleg – i all hovudsaka samlar studentar og andre unge, nesten 90 år etter at den kjende misjonæren kom heim frå Kina for siste gong. Det viser kva som ligg att etter henne, og det er ikkje berre i Noreg vi talar om denne arven, det gjer dei også i Kina.

Ein av hovudtalarane under konferansen var son til den såkalla «himmelske mann». I sin tale viste han mange gonger til Marie Monsen og hennar virke. Han tala sterkt om misjonskallet, og understreka fleire gonger at det er eit kall til unge som gamle. Forkynninga var sterkt orientert om Kristi kross, som det ofte er ved representantar for den forfylgde kyrkja.

Det som på nytt slo meg ved denne konferansen, er det sterke innslag av bøn som ligg i arven etter Marie Monsen. Ho var i Kina i perioden 1901-32, med unnatak av nokre heimeopphald. Den store og varige vekkinga som er knytt til namnet hennar, var berre dei siste 5-6 åra. Dei første 25 åra gjekk med til «vanleg» misjonsarbeid og mykje bøn. Ho var til tider mismodig og mykje sjuk. Ho miste i stor grad trua på seg sjølv og arbeidet sitt, og heldt på å gje opp. Misjonskallet heldt henne like fullt på plass, og ho fekk eit sterkt bøneengasjement.

Fruktene etter Marie Monsen er varige, og ho vert gjerne omtalt som «huskyrkjene si mor». Det som hadde vorte sådd, og som hadde fått gode røter, stod seg gjennom kulturrevolusjonen ved Mao, og det har stått seg gjennom ulike former for undertrykking og forfylging fram til vår tid. Det var ei radikal forkynning av synd og nåde, og det var vekt på syndserkjenning og syndstilgjeving, men også på oppgjer med synda. Det heile hadde sin bakgrunn i trufast og omfattande bøn.

Professor Ole Hallesby omtalte bønearbeidet som mineringsarbeid. Det var som ved sprenging av fjell, at det måtte gjerast eit arbeidet med bor og slegge, før dynamitten – Guds ord – kunne leggjast i boreholet. Mineringsarbeidet tok mykje lengre tid enn det som skjedde ved dynamitten, men det var det siste som var mest synleg og som ein gjerne snakka om.

Det kan seiast mykje om arven etter Marie Monsen. Det er ein forkynnings- og vekkingsarv, men det er kanskje aller mest ein bønearv. Det siste kan vera vanskelegast å føra vidare med truskap og styrke. Det gjekk altså 25 år før dei store og synlege resultata av Marie Monsen sitt virke kom. Det har slått meg at det ofte er slik i misjonsarbeidet. Det må gjerast eit grunnarbeid før innhausting kan skje.

Vi er med rette utolmodige når det gjeld frukter av misjonsarbeidet. Vi ønskjer resultat, frelste menneske. Den kjende misjonæren Asbjørn Aarvik, som samarbeidde nokre år i Kina med Marie Monsen, skriv om heilag uro og om at det er nokre som ventar. Paradoksalt nok må dette kombinerast med tolmod og tid. Ofte krevst ein lang periode med grunnarbeid og bøn, før vekking og innhausting kjem.

Eg tenkte nokså naturleg arven etter Marie Monsen inn i Sarepta sitt arbeid i Spania og andre stader. Vi skal vera utolmodige og tolmodige samstundes. I denne arven ligg eit særleg kall til bøn for misjonsarbeidet. Eg trur det er det mest utfordrande punktet for oss, det er truleg vår akkileshel.

Johannes Kleppa