Oppmuntrande i Ølensvåg

Opp gjennom åra har eg hatt mange bibelhelger frå fredag til søndag, men for første gong har eg no hatt «bibelhelg» frå måndag til onsdag – og det fungerte svært bra. Det er ikkje så ofte det er møte på bedehusa måndag, og heller ikkje at ein har ein bibeltimeserie frå måndag til onsdag, men det hadde vi i Ølensvåg – og folk kom. Kona mi, Oddlaug, var med og song.

Det var godt med folk på måndag, sjølv om nokre skulle på foreining og andre på bibelgruppe etter møtet! Dei to andre kveldane var det enda meir folk, og det i alle aldrar. Forsamlinga i Ølensvåg er etter måten ung, med mange unge ektepar. Det er heller få over 70 år.

Det som også kjenneteiknar Ølensvåg, er at dei har Lundeneset vgs, og det var mange med tilknytting til skulen på bibeltimane – både elevar og tilsette. Det er flott når det er god kontakt mellom kristne skular og bedehuset.

Bedehuset i Ølensvåg er ikkje av det mest tenlege slaget, og det ligg noko krøke til. No har dei planar om eit nytt, stort og tenleg bygg på ein god stad i bygda. Det er å vona at det ikkje går alt for lenge før byggearbeidet kan ta til. Det er godt når ein slik satsar på bedehuset og arbeidet der, og det er å vona at ei nytt hus vil gje eit ekstra løft i arbeidet.

Det var oppmuntrande å vera desse kveldane i Ølensvåg. Forkynning, song og informasjon vart teke godt imot, og vi var velkomne attende. Opplegget var eit vitnemål om at det er mogleg å ha bibeltimeseriar uavhengig av når i veka det er!

Johannes Kleppa