Kamp mot religiøs styring og einsretting

I forrige Ettertanke skreiv eg at når vi skal vurdera korleis vi skal bruka røysteretten, bør vi leggja avgjerande vekt på kva samfunnssyn og ideologi dei ulike partia står for. Det gjeld særleg korleis dei oppfattar statens oppgåve og mandat, og med det korleis dei vil bruka styresmakta. Det er grunn til å understreka nokre aktuelle moment ved dette.

Styresmakta er vilja av Gud, slik at stat og styresmakt i seg sjølv ikkje er problemet. Utfordringa ligg i korleis ein oppfattar statens rolle og på kva måte ein ideologisk vil bruka den makta ein har som styresmakt. Etter Guds skaparvilje er styresmakta si hovudoppgåve å fremja den gode gjerninga og hindra den vonde (Rom 13). Det kan gjelda i moralske spørsmål ved lovgjeving, slik som å verna om livet og ekteskapet, og det kan gjelda praktisk spørsmål som å byggja vegar og jernbanar.

Det staten og styresmakta ikkje skal gje seg inn på, er det som har med tru og livssyn å gjera. I teologien skil ein mellom det åndelege og det verslege regimentet. Det er Guds to styremåtar, der det første går på folk si frelse og det andre går på livet her på jorda. Det første ligg til den kristne kyrkja, og det andre til den verdslege styresmakta. Denne skjelninga var i starten særleg rett mot biskopane, som ei formaning til ikkje å gå inn i styresmakta si rolle, men halda seg til det åndelege og nådemidla. Det var til skade for kyrkja om biskopane gjekk ut over mandatet sitt.

Til ei viss grad er dette ei aktuell formaning også i dag, men i den dagsaktuelle situasjonen er nok formaninga andre vegen enda meir påkrevd. Styresmakta må sjå til å halda seg ved sin lest, og ikkje gå inn på område ho ikkje har noko med.

Den problemstillinga i dette som eg særleg vil løfta fram, fordi det stadig har vorte tydelegare og meir skræmande, er det som har med ideologisk og tankemessig einsretting å gjera. No kan press til einsretting skje på fleire måtar, ved det som ligg i tidsånda og det politisk korrekte, gjennom ulike offentlege organ og ved staten. Når det tankemessige presset går saman med statleg maktbruk, vert det ekstra ille.

Det presset som ligg i tida eller i tidsånda, kjem til uttrykk i media og i det offentlege ordskiftet. Her kan minoritetssyn verta stempla på ein slik måte at det er svært krevjande å stå for det. Det fører lett til at ein tilpassar seg det folk flest synest å meina. Dette har vi dei seinare åra sett veldig tydeleg i spørsmål som gjeld samliv og ekteskap.

Nett no har vi fått eit nytt døme på press frå eit offentleg organ. NLA Høgskolen har fått problem med akkrediteringa si som vitskapleg høgskule, særleg fordi det kristne verdifundamentet institusjonen byggjer på, vert problematisert med tanke på forskning og akademisk fridom. Det er eit angrep på andre vitskapssyn enn det som ligg til grunn for offentlege høgskular og universitet, og er sterkt ideologisk einsrettande.

Med tanke på styresmakta er det i valkampen kome opp ein diskusjon om staten kan og skal styra trussamfunn, og eventuelt korleis det skal skje. Då tenkjest det ikkje på ein kontroll med at statsstøtte vert brukt til det pengane er løyvde til, men kontroll med kva som vert lært og korleis den åndelege styringa skjer. Då går styresmakta inn i det åndelege regimentet, og der har styresmakta ingen til å gjera. Der skaper ho berre problem og samvitstvang. Der kan styresmakta ikkje opptre med noko anna enn diktaturets ånd. Trus- og livssynssamfunn skal vera åndeleg frie.

Eg vil på nytt seia: Legg avgjerande vekt på denne typen spørsmål når du skal avgjera korleis du skal bruka røysteretten!

Johannes Kleppa