Val – samfunnssyn og ideologi

Det nærmar seg stortingsval, og valkampen er i gang. Det er mange saker og moment ein kan leggja vekt på når ein skal avgjera korleis ein vil bruka røystesettelen sin. Det er ikkje røysteplikt i landet vårt, men røysterett. Då avgjer ein sjølv om ein vil røysta eller ikkje, og kven ein i så fall vil røysta på. Det er viktige val, og ein bør difor vera seg svært medviten korleis ein brukar røysteretten.

Ved val av parti kan ein leggja vekt på enkeltsaker og spørsmål som ein er oppteken av. Det kan vera alt frå bensinprisar, via eige yrke til internasjonale spørsmål. Alt slikt kan vera viktig nok, men ein bør løfta blikket litt høgare.

Kristenfolket har tradisjonelt sine hjartesaker. Det gjeld livsrett og menneskeverd, ekteskap og familie, oppseding og skule, vanskelegstilte og eldre, Israel og hjelp til fattige – og meir kunne vore nemnt. Dette er spørsmål som bør vega tungt, og som bør ha større vekt enn reint materielle og praktiske spørsmål.

Det aller viktigaste er likevel det som gjeld samfunnssynet, særleg korleis ein forstår staten sitt mandat og staten si oppgåve. Det avgjer ikkje berre korleis ein tenkjer om staten, men også korleis ein tenkjer om individet, familien og frivillig arbeid. Over tid er det difor samfunnssynet som avgjer korleis samfunnet vert. Det har med livssyn og ideologi å gjera. Kva samfunnssyn dei ulike partia står for, bør difor vera det som veg tyngst når ein skal velja røystesettel.

Det er sagt at makt alltid korrumperer. Makt vil ha meir makt. Makt overstyrer med det til tider ideologien. Får ein makt som styresmakt, vil ein gjerne gjennomføra det ein for sin del meiner er best – og då gjera det gjeldande for alle. Staten har med det alltid ein tendens til å veksa seg stadig større og sterkare gjennom økonomi og lovgjeving, og med det stadig gripa sterkare inn i folks liv, og regulera dette frå vugge til grav – ja, faktisk frå unnfanging og til det som gjeld døden.

Staten har ein tendens til å verka einsrettande på tru og tanke, og til å få maktkonsentrasjon til å gjennomføra det dei som sit med makta, vil. Dette er eit senario som Bibelen skisser særleg tydeleg med tanke på endetida og Antikrist med sitt antikristelege rike (jfr. Op 13 og 17). Då vil all makt vera samla i ein person og alle må tru, tenkja og handla som han vil, om dei skal kunne fungera på normalt i samfunnet. Det næraste vi har vore dette i landet vårt, var den nazistiske ideologien og det styresettet som fylgde av denne under siste verdskrig. Dette sette folket seg sterkt imot, særleg ved lærarane og skulen, prestane og kyrkja, rettsvesenet og Høgsterett, og langt på veg pressa. Motstanden bygde i stor grad på kristen tenking, og nazismen slo aldri skikkeleg gjennom i folket.

No har vi ikkje ideologiar av typen nazisme eller nasjonalsosialisme som bankar på stortingsdøra eller regjeringsdøra, men det vil ikkje seia at problemstillinga er uaktuell. Det er nokså sterke tendensar til tankemessig einsretting og maktkonsentrasjon. Måten ideologiar og samfunnssyn av denne karakteren arbeider på innan eit demokratisk system, er ved ein kombinasjon av lovgjevingsmakt og økonomimakt. Ved den økonomiske styrken den norske staten har via høgt skatte- og avgiftsnivå og store oljeinntekter, er dette ein enkel og effektiv veg å gå. Vi ser dette på fleire område, men kanskje særleg knytt til kristne friskular.

Kvar einskild er ansvarleg for bruken av røysteretten, og ein kan koma til å velja ulikt ut frå same utgangspunkt, men ein bør leggja avgjerande vekt på samfunnssynet og spørja seg kva ideologi det er ein støttar med røystegjevinga si.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock