Norske verdiar og Pride

Den kjende fotballtrenaren Åge Hareide kom i skade for å seia noko som ikkje var politisk korrekt om Pride. Han sa eigentleg ikkje noko negativt om Pride, heller tvert imot, men han ønskte ikkje Pride-markeringar på fotballbanen. Han var generelt mot politiske og ideologiske markeringar i idretten. Den slags kunne skje i andre samanhengar. Det fekk han skikkeleg tyn for.

Kulturministeren kom på banen og arresterte Hareide for synspunkta hans. Han fekk seg endatil til å seia at Pride er uttrykk for «norske verdiar», og dersom norske verdiar vert snakka ned, måtte ein rekna med å få påtale. Ellers skulle det vera mogleg å ytra det meste. For ein del år sidan gjekk det ein debatt om kva norske verdiar er for noko, og det var eigentleg ingen som klarte å definera det – i alle fall ikkje politikarar. No markerte kulturministeren ein slik verdi på sparken, og det ein verdi som er av heilt ny dato, og som på ingen måte kan seiast å vera spesielt norsk. Det er ein nymotens og global ideologi som har fått ei enorm påverknadskraft, sjølv om det er relativt få menneske det direkte gjeld.

Den same kulturministeren hadde for ei tid sidan store problem med å påtala direkte antisemittisme i NRK, fordi det låg under NRK og det hadde med ytringsfridomen å gjera. Det Åge Hareide uttalte seg om, hadde med idretten å gjera, og ut frå slik kulturministeren opptrådde i forhold til NRK, burde han ha sagt at dette er ei sak for idrettsorganisasjonane. Skulle noko vera ein norsk verdi i denne samanhengen, måtte det vera kampen mot antisemittismen, trass i dei mange svina vi har på skogen i den saka. Kampen for seksualliv og samlivsformer utan grenser, så lenge det er frivillig, er derimot no definert frå regjeringshald som ein norsk verdi.

Den noverande KrF-leiaren har sagt nei til å gå i Pride-tog. Kan han framleis seia nei til det, når no den ansvarlege statsråden på området har erklært Pride som ein norsk verdi? Er det mogleg for ein statsråd å ikkje markera positivt til det som frå regjeringa er definert som ein norsk verdi? Eg trur ikkje kulturministeren har tenkt skikkeleg gjennom kva han faktisk sa og gjorde, men at han vart dregen med i hylekoret mot Åge Hareide og på autopilot sa det som vart oppfatta som politisk korrekt. Det seier i så fall mykje om åndssituasjonen.

Når det ikkje tolest at ein fotballtrenar ikkje vil ha Pride-markeringar på fotballbanen, men seier dei kan finna andre arenaer, viser det tydeleg kva ideologisk og politisk styrke Pride har fått. Alt det anna som Hareide heller ikkje ville ha markeringar av i fotballsamanheng, har ikkje fått dei same oppslaga. Hareide snakka prinsipielt, men reaksjonane har vore konkrete på Pride.

Kristent sett er det jo ikkje den store saka kva som skjer av markeringar på ein fotballbane kontra i andre samanhengar. Det er like rett eller like galt kor det skjer. Hareide tok det då heller ikkje opp ut frå rett eller galt, men ut frå kva som er tenleg for fotballen og samhaldet der. Reaksjonen viser like fullt potensialet i saka, og at vi frå kristenhald må stålsetja oss for å stå opp for det som er rett og mot det som er galt, same kor det skjer. Vi må rekna med sterke reaksjonar, og vi må vera villige til å ta kostnadane.

Kristendommen har ei over 1000-årig historie her i landet, og er den åndsrørsla som har forma landet og folket meir enn noko anna. Er det noko som slik sett skulle kunna kallast ein norsk verdi, må det vera kristendommen. No har kristentrua kome på kollisjonskurs med det som kulturministeren forstår som ein norsk verdi. Samfunnsmessig er med det kristendommen å forstå som eit problem og ein negativ ideologi. I løpet av få år er tinga snudd fullstendig på hovudet.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock