Kampen om syndefordervet

Kampen i dag står om syndefordervet. Omtrent slik ordla ei kvinne seg som ringde meg for nokre dagar sidan. Ho hadde hovudfag i kristendom og hadde undervist i fleire år i religion på vidaregåande skule, og ho var svært godt åndeleg orientert, særleg i det som gjeld den teologiske høgresida. Det ho sa, var ikkje ein ny tanke for meg, men hennar djupneboring og innfallsvinkel til problemstillinga forsterka tanken.

Vi tenkjer lett at det å nedtona syndefallet og underkjenna problema som ligg i syndefordervet, kjem frå den bibelkritiske og liberale teologien. Det stemmer i og for seg, og vi kan sjå det tydeleg i etiske spørsmål som kjønnstenking og samlivsetikk, men også i sjølve frelsesspørsmålet, altså korleis vi vert frelste og kven som eig det evige livet. Svært mykje av problema i kyrkja og i samfunnet kjem av at vi ikkje tek syndefallet og konsekvensane av det på alvor.

Denne kvinna var fullt klar over dette, men ho meinte det også står ein kamp om syndefordervet og vårt gamle menneske i kristenfolket generelt, og særleg innan det pinsekarismatiske, innan herlegdomsteologien og i NAR-teologien. Sidan problemet her er pakka inn i ei sterkt åndeleg overbygning, vert det mindre synleg og lettare å verta fanga inn av. Fokuset vert så sterkt på åndsopplevingar og Andens direkte gjerning, at spørsmålet om synda og det gamle mennesket kjem i bakgrunnen eller vert fornekta. Synda vert oppfatta som eit problem med tanke på frelsa, og difor treng ein ordet om krossen til frelse og rettferdiggjering, men det stoppar med det. Det vert talt lite om heilaggjering, og enda mindre om den kristne sin kamp mot det gamle mennesket, sjølve syndenaturen.

Eg fryktar at kvinna har rett i dette. Då eg byrja å tenkja etter på mi eiga forkynning og på den forkynninga eg har høyrt dei siste åra, er det ikkje mykje om helgingskampen. Eg har nok høyrt ein del om faren for fråfall og at synda vil sløva oss, men lite om sjølve kampen mot synda. Fokuset er på frelse og misjon, men det som ligg mellom det ved kristent liv og helging, kjem lett i bakgrunnen. Kampaspektet likar vi ikkje. Vi vil helst ha åndeleg kvile. Når det vert tale om kamp og strid, vert det lett oppfatta som noko lovisk – og vi vil vera evangeliske.

Bibelen talar like fullt tydeleg om vårt nye og vårt gamle menneske, om den nye skapningen og syndelekamen, og kampen mellom desse. Om vi likar det eller ikkje, er dette ein bibelsk realitet, og denne må vi ta på alvor. Gjer vi ikkje det, vil syndenaturen vinna makt i livet, slik at livet vert forma av tidsånda, altså det som råder i samfunnet. Som vi vinn frelse ved ordet om krossen, er også sigeren over det gamle mennesket i ordet om krossen. Som vi må koma til erkjenning av frelsesbehov for å sjå at vi treng evangeliet til syndstilgjeving, må vi erkjenna behovet for helging og siger over det gamle mennesket, for å sjå at vi treng evangeliet til siger og frigjering.

Eg trur altså denne kvinna har rett i at det står ein teologisk kamp om syndefordervet, at erkjenninga av dette er svak i teologien og i forkynninga, og i det personlege livet. Det skaper eit veikt kristenliv. Vi treng å vakna på dette punktet, og ikkje la oss fanga av åndsretningar som hoppar bukk over kampen mot det gamle mennesket.

Johannes Kleppa

Foto: Adobe Stock