Samarbeid og grenser

Samarbeid er ofte ei god sak, men det har alltid ei grense. Dette gjeld ikkje minst i kristen samanheng. Det er mykje godt arbeid innan skule, diakoni, media og misjon som er utført og vert utført gjennom ulike typar samarbeid. Samstundes er det slik at nokre gonger har samarbeid ført til teologisk utvatning og ein uklar åndeleg profil. Då fører det til åndeleg utarming, og i siste instans til åndeleg forføring. Det gjeld altså å finna den rette balansen i dette.

Her i landet har for tida ulike grupperingar planar om satsing på kristent tv. Mest omtale har vel Vårt Land (VL) sine planar fått, og dei satsar svært breidt. Tro og Medier vi satsa i samarbeid med ein svensk aktør. Ei privat gruppe vil starta Bedehuskanalen, der dei vil ha med aktørar av teologisk konservativ og bibeltru karakter.

Eg skal ikkje her gå grundig inn på ei vurdering av dei ulike tv-alternativa, men eg vil slutta meg til ei vurdering Jarle Haugland i Tro og Media gjorde av VL-kanalen. Han ville ikkje at Tro og Media skulle gå inn der av teologiske grunnar. Han meinte det teologiske grunnlaget var for breidt, og med det vart den åndelege profilen for uklar. Han ville heller satsa på ein svensk samanheng som la Lausannepakta til grunn for arbeidet. Det trur eg er ei klok vurdering. Når ein ser på kven som står bak Bedehuskanalen, gjev det grunnlag for åndeleg tillit. Namnet gir dessutan eit tydeleg signal.

For Misjon Sarepta er denne problemstillinga aktuell av heilt andre grunnar enn mediesatsing. I Noreg opererer vi i ein samanheng som er luthersk dominert, og der ein i alle hovudsak føreheld seg til det lutherske landskapet, med nokre unnatak. Slik er det ikkje i Spania.

I Spania dominerer den katolske kyrkja, men denne har tapt mykje av sin posisjon dei seinare åra.  Sekulariseringa grip om seg der, som her på berget. Det som er av kristen verksemd utafor den katolske kyrkja, er stort sett av reformert karakter, særleg pinserørsla og baptismen – i ulike valørar. Den spanske luthersk kyrkja har på landsbasis omtrent 100 medlemmar. Denne kyrkja er teologisk konservativ, men ho er av nokså høgkyrkjeleg karakter, som gjer det vanskeleg med formelt samarbeid.

Skal Sarepta førehalda seg til og samarbeida med andre kristne i Spania, må det altså i hovudsak vera folk som ikkje er lutheranarar, og skal ein vinna nye for Gud, må det i stor grad vera folk med katolsk bakgrunn. Sjølv om dette er utfordrande, har Sarepta i Spania frå dag ein vald å samarbeida med kristne av ulike valørar, då slike som ein har teologisk tillit til og kjenner åndeleg samfunn med. Det har fungert godt, og det har vore tenleg for alle partar.

Det er to «åndelege paraplyar» som det i denne samanheng er naturleg å ha som referansar for samarbeid. Den eine er Lausannerørsla med Lausannepakta, som er relativt omfattande, men tydeleg bibelorientert. Den andre er Den Evangeliske Alliansen, som har ei meir kortfatta, men svært sentral trusplattform. Her i landet har desse i realiteten lagt grunnmuren for og gått inn i NORME. I Spania synest Den Evangeliske Alliansen å vera mest kjend og aktiv, slik at det er naturleg å bruka denne sitt «trusdokument» som utgangspunkt for samarbeid.

Det er ein fordel å samarbeida så breidt som mogleg, men det må ikkje vera breiare enn det som er åndeleg forsvarleg. Ulike typar samarbeid kan gje ulike grenser for kva som er forsvarleg. Det å vera for snever kan gjera at ein vert seg sjølv nok, og det endar med partidanning. Det er grunn til å ta begge desse sidene på alvor, og då kan ein byggja på det som tidlegare er utarbeidd av teologisk og åndeleg god karakter.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe stock