Pengemakt som ideologisk maktmiddel

Noko av det styggaste ei styresmakt gjer, er å bruka pengemakta som ideologiske maktmiddel, anten det skjer på kommunalt eller statleg nivå. Det er særleg stygt i land med svært høgt skatte- og avgiftsnivå, slik som hjå oss. Då brukar styresmakta innbyggarane sine pengar mot dei sjølve.

For tida går det ein debatt om dette i Klepp kommune på Jæren. Der har eit utval lansert eit forslag som inneber bestemte ideologiske krav for at lag og foreiningar skal få kommunal støtte til drifta. Eit av krava går på samlivsetikken, altså at ein i laga skal praktisera den forståinga som no råder i samfunnet og som pregar statens lovgjeving. Alle må vera politiske korrekte i eit sentralt ideologisk spørsmål.

I eit innlegg i Dagen (14/1) får Jarle Mong fram det tragikomiske i situasjonen i Klepp, og den uhyre raske forandringa som har vore på dette området. Han er med som leiar i ein barne- og ungdomsklubb som Elna Barane og nokre andre starta for over førti år sidan. Ho har lenge vore svært aktivt i denne typen arbeid, og fekk difor i 2010 Kongens fortenestemedalje, og i 2014 fekk ho Kulturprisen i kommunen for det same. No er den foreininga ho starta, og der ho ennå bidrar i kulissane, så suspekt at ho ikkje kan få kommunal støtte, om framlegget vert vedteke. Det er altså berre ti år sidan Kongen heidra Elna Barane og det er berre fem år sidan kommunen heidra henne, til ho no vert passert i skammekroken.

Dersom utspelet i Klepp kommune hadde vore veldig originalt og eit soloutspel frå eit ekstremt utval, kunne vi har trekt på skuldrane av det heile, men slik er det ikkje. Vi har vel ikkje noko meir «kristent» område i fedrelandet enn Rogaland med Jæren og Karmøy i spissen. Det er altså her dette forslaget er fremja, og fleire kommunar vurderer det same. Andre stader har vi sett tilsvarande.

Det å bruka lovmakt og pengemakt til ideologisk einsretting av samfunnet, er ei kjent sak frå den politiske venstresida, og vi har særleg sett det i spørsmålet om friskular, barnehagar og sjukeheimar –altså i det som gjeld oppseding og livets avslutning. No ser vi det også når det gjeld det spesifikt kristne arbeidet. Vil ein våga det same også overfor muslimske samanhengar?

Diverre synest det ikkje som at den politiske høgresida heller er å lita på i dette spørsmålet. Vi har sett fleire døme på at styresmakta vil ideologisk einsretting, særleg når det gjeld forståinga av kjønn og samliv, frå dagens regjering og i andre samanhengar. Der ein burde reist kamp mot dette, sluttar ein seg heller til eller ein er passiv.

I kristen samanheng må vi bu oss på i stadig større grad å driva arbeidet utan kommunal eller statleg støtte. Vi kan ikkje la oss pressa av pengemakt til å handla i strid med Guds ord. Vi må tilpassa arbeidet til denne situasjonen, og vi må tilpassa gjevartenesta den utfordringa vi her står overfor. I det vanlege lags- og foreiningsarbeidet skal vi nok klara det utan offentleg støtte, men det å driva institusjonar og skular vil vera svært vanskeleg, fordi her styrer det offentlege både med lov og pengar.

I Noreg betalar vi gjennomsnittleg minst 2/3 av det vi tener til det offentlege i skattar, avgifter og ulike eigenandelar. Med dei lønningane vi har, klarer vi det greit på det private planet. Problemet er at det vi har til disposisjon til tiltak utafor heim og familie, vert avgrensa. Vi er i stor grad overletne til statens ideologiske pengemakt. Då får styresmakta ei makt ho ikkje bør ha, og som vi må vera svært vakne overfor. Dette bør det setjast fokus på i valkampen framover.

Johannes Kleppa