Kristen overtyding og handling

Dersom du slår opp i ei bibelordbok på orda «overtyda» og «overtyding» i sine ulike bøyingar (bokmål: overbevise og overbevisning), vil du sjå at dette er ord som er brukte mange gonger i Bibelen.

Dette er svært sterke uttrykk, som seier at det er noko langt meir enn ei meining, ei oppfatning eller eit synspunkt. Det dreier seg om ei forplikting, noko samvitet er bunde av. Det er sagt at det ikkje er du som har ei overtyding, men det er overtydinga som har deg. Ei overtyding er altså noko som pregar og styrer livet. «Her står eg, og kan ikkje anna», så Martin Luther, og så fekk det gå som det ville. Det er overtyding.

Guds ord har som karakter at det overtyder. Det er Ordets mål og oppgåve å overtyda, å skapa ei overtyding, jfr. 2 Tim 3,14-17; 4,2. Slik er det nettopp fordi bibelordet er Guds ord, det er berar av Guds Ande og Guds kraft. Poenget er at vi skal verta eitt med Gud i tanke og tru, liv og handling.

Ei overtyding er altså ikkje noko du kan ha for deg sjølv, eller eit «syn» som kan plasserast på sida av mange andre «syn». Det er noko som forpliktar samvitet, og med det forpliktar livet. Ei overtyding skaper handling, det skaper eit kristent liv, kristen livsførsel og kristent vitnemål. Det skaper også handling når ein vert sett på val. Det skaper prioritering. Nokre gonger kan overtydinga på denne måten føra til kontroversielle handlingar, til protestar, til symbolhandlingar, til markeringar – og til vitnemål om kva ein står for og finn rett. Dette kan gjelda på det personlege planet og i misjon og kyrkje.

Det kanskje sterkaste døme vi har her i landet, er Hans Nielsen Hauge og hans opptreden i ei tid med konventikkelplakat og sterk motstand frå store delar av presteskapet og styringsverket. Han var forplikta på Guds ord og vitnemålet, og så fekk det gå som det ville.

Det andre døme, som kanskje er like sterkt, men svært annleis, er det norske presteskapet under andre verdskrigen – og tilsvarande for lærarane. Dei ville ikkje gå i teneste for nazismen og okkupasjonsmakta – den så kalla «nye tida». Dei aller fleste prestane la ned embeta sine, men held fram med å forkynna Guds ord. Dei ville vera frie i forkynninga, slik Ordet er fritt. Lærarane nekta å oppdra borna i nazistisk ideologi og i lydnad mot føraren, fordi dei var forplikta på kristen oppseding.

Prestane og lærarane si overtyding og handlinga ut frå denne, var avgjerande for at dei oppveksande slektene og folket generelt ikkje vart fanga inn og forma av den «nye tida», av nazistisk ideolog. Dette skuldar vi dei stor takk for, og vi må læra av deira overtyding og handling.

I vår postmoderne tid er det ikkje mykje rom for overtyding. Her er det snakk om «syn» og oppfatningar som endrast raskt, og som kan leva greit ved sida av kvarandre. Heller ikkje i Den norske kyrkja er det lengre stort rom for overtyding. Det er biskopane si meining som gjeld, og denne er i stor grad prega rådande tankar og det politiske korrekte. Prestane kan ha sine «meiningar» og «syn», men overtyding som skaper handling, er det verre med. Det ser vi no tydeleg i spørsmålet om kvinnelege prestar. Det er lov å vera mot det, men det er ikkje lov å ta konsekvensen av det i møte med kvinneprestar. Etter kvart vil vi sjå det same i spørsmålet om kjønnslikegyldige ekteskap og vigsel.

Det er grunn til å ta Bibelens ord om overtyding på alvor.

Johannes Kleppa