Som kjent har Sarepta og Samemisjonen inngått ein intensjonsavtale om å slå seg saman. Dette er etter initiativ frå Samemisjonen ut frå den situasjonen organisasjonen er i. Denne saka har skapt ein god del debatt innad i Samemisjonen. Under Samemisjonens landsmøte i haust vart saka om vegen vidare for organisasjonen utsett. Det skjedde etter initiativ frå dei samiske representantane, fordi dei ønskte meir tid før dei konkluderte i spørsmålet. Etter planen skal saka endeleg avgjerast på ei ekstraordinær generalforsamling innan eitt år.
Landsmøtet vedtok at Landsstyret skulle arbeida vidare med to forslag, der det eine var samanslåing med Sarepta og det andre var omorganisering av Samemisjonen for å kunne arbeida vidare på ein bærekraftig måte som eigen organisasjon. Den inngåtte intensjonsavtalen er med det utgangspunktet for eventuell samanslåing.
Styret i Misjon Sarepta har no drøfta saka på nytt etter det som skjedde på Landsmøtet i Samemisjonen. Styret har konkludert med at Sarepta står ved intensjonsavtalen, og arbeider vidare med saka i tråd med landsmøtevedtaket i Samemisjonen. Styret føreheld seg til behandlinga i Landsstyret i Samemisjonen.
Dei vidare samtalane med Samemisjonen vil så avklara om det kan fremjast eit forslag til den ekstraordinære generalforsamlinga som Sarepta kan stilla seg bak, slik at saka kan avgjerast endeleg der. Det som er hovudmålet for intensjonsavtalen, er å halda oppe og utvida begge organisasjonane sitt noverande arbeid, slik at det vert skapt fleire møteplassar mellom folk og Guds ord.
Johannes Kleppa