Kvinnelege prestar og samvitet

Det er berre 60 år sidan den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja (Dnk) vart innvia, og det var under stor motstand. Både i og utafor Dnk var motstanden nesten unison, slik at det kjendest som ei teologisk og åndeleg overkjøring. På midten av 1970-talet endra situasjonen seg ved at eit knapt fleirtal i lærarrådet på MF opna for kvinnelege prestar, og det førte til mykje debatt.

På dei 45 åra som har gått sidan endringa på MF, er situasjonen snudd på hovudet av slik det var den gongen. Det har ikkje berre vore ein stor auke i talet på kvinner i presteteneste, men haldninga i spørsmålet er radikalt endra både i kristenfolket og i folket generelt. Det som då var eit kontroversielt standpunkt, er no for dei fleste omtrent sjølvsagt. Debatten er over, vert det sagt. Eit nei til kvinnelege prestar vert no nesten sett på som ein raritet.

Frå at kvinner i prestetenste var under teologisk press, er det no motstandarar av kvinneleg prestar som er det. Ein periode var det «kjørereglar» i Dnk for at begge desse gruppene skulle få brukbare arbeidsforhold. Det kan seiast at dette var ei naiv og over tid uhaldbar ordning, men det viste i alle fall ein vilje til å ta begge sider i saka på alvor. No er situasjonen ein radikalt annan, ved at bispemøtet har gjort vedtak som i praksis inneber at kvinneprestmotstanden i presteskapet vert  knebla og utrydda.

Menn som er mot kvinnelege prestar kan vera prestar i Dnk om dei berre har dette som ei meining utan nemnande vekt, men ikkje om dei er samvitsbundne i saka. Dei kan nemleg ikkje ta konsekvensar av standpunktet sitt i møte med kvinner i presteteneste. Dei må på sett og vis innordna seg den kvinnelege prestetenesta, sjølv om dei meiner denne strid mot Guds ord. Folk med det synet eg står for, kan i dag ikkje vera prestar i Dnk. Det er ei teologisk overkjøring.

Teologien i Dnk har over fleire år vore i endring, og då i liberal retning. Denne endringa får enda ein omdreining ved bispemøtet sitt vedtak. Eit tradisjonelt teologisk standpunkt i lutherdommen og i den verdsvide kyrkja har ikkje lenger heimstadrett i Dnk.

I denne situasjonen er det di meir naudsynt at kyrkjer og organisasjonar som står for nei til kvinnelege prestar eller nei til kvinner i lære- og hyrdefunksjonar, altså det vi kallar tenestedeling, held fast på det og let det få praktiske konsekvensar. Det kan vera fleire måtar å ordna dette på ut frå embetstenking og organisatoriske forhold.

For Misjon Sarepta sin del har vi definert styret som lære- og hyrdeorgan, slik at det skal bestå at menn som er skikka til dette. Dette punktet i vedtektene kan ikkje endrast, til forskjell til alle andre punkt. Til grunn for dette ligg det ei samvitsbunden teologisk overtyding, og difor ønskjer ein ikkje debatt om dette punktet i Sarepta. Folk som støttar Sarepta, treng ikkje ha same overtydinga, men dei må respektera dette standpunktet og denne ordninga.

Johannes Kleppa