Hauge om livsens veg

Eg har nett lese ei lita bok som Mathias Orheim skreiv om Hans Nielsen Hauge. Boka er skriva på rim, altså nesten som eit langt dikt, og ho heiter «Bondesonen». På kortfatta vis får vi her fylgja Hauge sitt liv og tenesta hans. Det er fascinerande og oppbyggeleg lesnad.

Ein gong Hauge var i Elverum. Då synte eit par unge jenter han vegen til grannegarde, og i denne samanhengen sa Hauge til dei:

«Takk, for vegen de synte meg.
Lat meg no syna deg livsens veg:
Den ligg yver Golgata inn i Guds famn.»

Det var Hauge si livsoppgåve å visa livsens veg, vegen som ligg over Golgata – og som fører inn i Guds famn. Det er djupast sett alle kristne si livsoppgåve, same kva arbeid og yrke, kall og teneste, ein har. Det må vi ikkje gløyma.

Vi må då i alt hugsa at livsens veg «ligg over Golgata». Det er berre via Jesu forsoning ved døden på krossen det er liv. Det gjeld difor at vi sjølve går Golgata-vegen, og at vi fører andre den same vegen.

Det var dette eg enkelt ville minna om i dagens Ettertanke. Det vart kort, men Hauge sin tale til jentene var ikkje lang den heller!

Johannes Kleppa