Kristent vedlikehaldsarbeid er viktig

«Det kommer ingen vedlikeholdsfase med meg i lederrollen.» Det uttalte ein nytilsett kristenleiar nyleg. Det er nok positivt meint, og rett forstått er det offensivt tenkt, men det er likevel ikkje klokt sagt. Det skaper lett feil signal, og kan verka til det motsatte av det som var tenkt. Det må ikkje skapast inntrykk av at kristent vedlikehaldsarbeid er skadeleg, unødvendig eller mindreverdig. Saka er at vedlikehald er avgjerande viktig.

Alle veit at dersom vi ikkje har skikkeleg vedlikehald på bilen, er det berre spørsmål om tid før bilen havarerer ein eller annan stad. Då er bilberging einaste redninga. Alle veit også at dersom ein slurvar med vedlikhald av huset, vil det forfalla og verdien vert redusert. Mangelfullt vedlikehald er dyrt over tid. Slik er det også i det kristne arbeidet.

Det er rett og godt med ei offensiv haldning i alt misjonsarbeid. Det trengst pionerånd og vilje til å bryta nytt land. Det er alt for lite av det. Det skjer likevel ikkje utan skikkeleg vedlikehald av eksisterande arbeid. Det må vera ein base eller eit kraftsenter for det utadretta og misjonerande arbeidet. Er det ikkje det, vert nysatsing lett eit slag i lause lufta.

Det er nok av døme på at eit ekspansivt arbeid gjekk i oppløysing eller rann ut i sanden, fordi det ikkje var skikkeleg oppfylging eller vedlikehald av arbeidet. Fokuset var i for stor grad og for einsidig på ekspansjon. Det hadde altså ikkje nok åndeleg berekraft i seg. Det er sagt om delar av misjonsarbeidet at det er ei mil i omkrins, men berre ein tomme tjukt. Det manglar altså oppbygging og vedlikehald, og med det vert kristenlivet svakt og utflytande. Det er ei problemstilling som også er aktuell i det evangeliske arbeidet i Spania, og det er ein av grunnane til at Sarepta satsar mykje på undervisning og bibelopplæring. Åndeleg djupne er viktig for personleg kristenliv og misjonsarbeid.

Saka er også den, at store delar av det kristne arbeidet er vedlikehaldsarbeid. Det gjeld det meste av forsamlingsarbeidet og foreiningsarbeidet, mykje av barne- og ungdomsarbeidet og til dels det kristne skulearbeidet – for å nemna noko. Både erfaring og statistikk viser at det er lettare å bevara barn og unge hjå Kristus enn å vinna nye. Det meste av kyrkjevekst kjem frå kristne heimar. Unnataket frå dette er der det er omfattande vekkingar og evangeliet erobrar nye område.

Dei som står i slikt arbeidet, må få tydelege signal om at dette arbeidet er viktig, ikkje at dei helst bør finna ei anna teneste. Samstundes må det vera like klart at vedlikehaldsarbeidet må ha i seg ein dimensjon av alltid å nå lengre ut. Der ein gjer eit grundig og målretta vedlikehaldsarbeidet, legg ein grunnlag for ekspansjon. Der forkynning av Guds ord lyder klart og sterkt over tid, skapest misjonssinn. Der folk lærer å leva på Golgata, ved Ordet om krossen og Jesu forsoningsverk, veks misjon fram.

Eg las nett at i Sverige vert ei forsamling lagt ned kvar veke. Det vitnar om eit enormt behov for vedlikehaldsarbeid – slik at også det offensive misjonsarbeidet får livsrett og åndskraft. Herrens signing over det kristne vedlikehaldsarbeidet!

Johannes Kleppa

Foto: Adobe Stock