Misjon mot aust og teologisk arbeid

Egil Grandhagen, mangeårig generalsekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband, døydde for kort tid sidan. Med han er ein sentral kristenleiar den siste generasjonen borte. I minneord og reportasjar er mange side ved tenesta hans som generalsekretær og misjonsleiar løfta fram, særleg fokuset hans på å nå unådde folkeslag.

Det som har undra meg, er at det har vore svært lite søkjelys på forskningsbidraga hans i misjonshistorie etter han slutta som generalsekretær og var knytt til Fjellhaug Internasjonale Misjonshøgskole. Då gjorde han eit pionerarbeid ved forskning på misjonens gang frå Jerusalem og mot aust fram til år 1600, altså før moderne misjon byrja. Dette arbeidet er samla i boka «Glimt fra Asias misjonshistorie» (Tapir akademiske forlag 2011). Dette er eit viktig misjonshistorisk arbeid, som Grandhagen – etter mi vurdering – ikkje har fått nok kreditt for. Han grov fram mykje stoff som i stor grad har vore ukjent i landet vårt, og som gjer at misjonshistoria bør justerast og utfyllast.

Grandhagen viser misjonens gang mot Aust, men har går også inn på læremessige spørsmål, korleis misjonsarbeidet skjedde, korleis dei kristne levde og kva motstand dei møtte. Det er 3-4 spesielle misjonsperiodar, og det er ulike kyrkjer som er engasjerte. Dei austlege kyrkjene har på nokre punkt ein annan teologisk profil enn vi slik vi kjenner dei vestlege kyrkjene og den ortodokse kyrkjefamilien. Så langt eg har forstått den tidlegare NLM-leiaren, meiner han læreavviket ikkje er så stort som ein nokre gonger kan få inntrykk av.

Det som har slått meg, og som eg meiner er til lærdom for Misjon Sarepta, er at dei misjonærande kyrkjene mot aust la stor vekt på læra og på teologisk utdanning. I periodar hadde dei sterke teologiske institusjonar, og misjonsarbeidet gjekk ut frå desse. Når desse teologiske institusjonane stod sterkt, stod også misjonsarbeidet sterkt. Når det teologiske arbeidet vart svekka, vart også misjonsarbeidet svakare.

Sarepta har også sett det viktig med teologisk arbeid i form av bibelundervisning og grunnleggande forkynning. Det er av denne grunn vi starta Centro Sarepta i Spania som eit bibel- og misjonssenter. Her vert det drive systematisk bibelopplæring, og senteret er base for misjonsarbeid ut over i Spania. Misjonshistoria, ikkje minst slik Grandhagen skriv ein bit av denne, viser at misjonsarbeidet vert varig og livskraftig der det skjer grundig kristen opplæring. Slik opplæring er avhengig av at leiarar og forkynnarar får solid teologisk opplæring, om enn denne ikkje treng vera av streng akademisk karakter.

Også i Norden legg Sarepta vekt på bibelundevisning. Desse linene vert skrivne medan eg er på Sarepta si årlege bibelhelg, som i desse koronatider går delvis fysisk og delvis digitalt av stabelen frå Nærbø bedehus. Her har vi besøka av Carsten Hjort Pedersen frå Danmark, og han har i mange år engasjert seg med tanke på kristen opplæring og oppseding, samt bibelundervisning og forkynning.

Eg merkte meg det med kor viktig teologi og lære er i misjonsarbeidet då eg første gongen las Egil Grandhagen si misjonsforskning, og eg vil gjerne løfta det fram som ein del av arven etter han – og til inspirasjon for Sarepta sitt arbeid.

Johannes Kleppa

Bilde: Hentet fra nettsiden til ForOss