Årets viktigaste torsdag

Torsdag er ein nokså vanleg dag midt i veka, men det er to spesielle torsdagar gjennom året: Skjærtorsdag og Kristi Himmelfartsdag. Det skjer viktige ting begge desse dagane, men i «konkurransen» om å vera viktigast, vinn nok Kristi Himmelfartsdag. Vi har nett feira denne dagen, men likevel har han nok gått forbi nokså i det stille.

Både det som skjer i Getsemane og innstiftinga av nattverden er svært viktig, men det er likevel ikkje sjølvstendige frelseshistoriske hendingar. Dei peikar fram til det frelseshistoriske langfredag og påskedag, Jesu død og oppstode i vår stad og for oss. Vi er nokså åleine i heile verda med å ha Skjærtorsdag som høgtids- og helgedag, som vi er åleine om å ha andredagane jul, påske og pinse. Dette har praktiske og geografiske grunnar ved at det var fleire kyrkjer på kvar prest, og for at alle skulle få gudsteneste i dei store høgtidene, vart desse «raude dagane» innførte.

Kristi Himmelfartsdag er derimot ein allmenkristen høgtidsdag. Alt i oldkyrkja, på 300-talet, var dette ein av dei store kristne høgtidsdagane. Ein byrja å feira Kristi himmelfart før ein byrja å feira Jesu fødsel. Dette seier noko om kor viktig ein har oppfatta at denne dagen er, og kva avgjerande frelseshistorisk hending som skjedde då. Det er merkeleg at denne gledes- og jubeldagen har glidd ut til nesten berre å vera ein ekstra fridag i mai.

La meg få peika på nokre moment som viser kor viktig Kristi Himmelfartsdag er:

1) Denne dagen viser at Jesus frelsesgjerning på jorda er fullført og fullkomen, slik at Jesus kan forlata jorda og fara attende til himmelen og innta sin himmelske posisjon og framstå i sin herlegdomsskapnad på nytt. Dette gjer han ikledd sin jordiske lekam og med naglemerka sine.

2) Så lenge Jesus var på jorda, var han bunden til stad og tid. No kan han vera over alt, og han møter oss over alt ved Ordet og Anden, og bokstaveleg i nattverden. Det inneber at vi har tilgang til Gud alle stader i Jesu namn.

3) Etter at Jesus hadde gjort soning for syndene våre, for han til himmelen og sette seg ved Majesteten si høgre hand. Dette er allmaktplassen i himmelen. Jesus hadde all makt også før sitt jordeliv, men då til å skapa, styra og døma. No kan han bruka allmakta i frelsa si teneste og til beste for Guds folk. Vi kan vera trygge i Jesu hender, fordi allmakthendene er naglemerka og fordi dei naglemerka hendene er allmektige.

4) Då Jesus sette seg ved Guds side, gjorde han det som forsonar. Han viser seg, eller openberrar seg, for Guds åsyn for vår skuld. Når den heilage Gud skal sjå på dei som har teke si tilflukt til Jesus og trur på han, ser Gud Jesus. Då ser han oss som om vi aldri hadde synda. Det er den store og einaste trøysta for syndarar med tanke på frelse og evig liv. På denne måten utfører Jesus si himmelske presteteneste til evig tid.

5) Ved at Jesus for til himmelen kunne han senda Den Heilage Ande til jorda i pinsehelga, og med det gje sitt folk åndsutrustning til misjon. Han gav oss Anden for at vi skulle vera vitne frå Jerusalem og til endane av jorda. Jesu himmelfart ber i seg misjon, og difor har Kristi Himmelfartsdag vore ein naturleg dag for misjonsstemne.

6) Til sist er Jesu himmelfart føresetnaden for at han kjem tilbake til jorda for å døma levande og døde, og for å oppretta sitt evige herlegdomsrike. Som det er ein himmelfartsdag og misjon, er det ein dag for atterkome og avslutning av denne tida – og framhald på ei ny jord der Gud bur med folket sitt til evig tid.

Johannes Kleppa

Bilde: Fotolia