Fortapinga – livets store problem

Fortapinga er livets store problem på to måtar. Det er tankemessig vanskeleg å akseptera at folk skal gå fortapt, særleg når ein held det saman med at Gud er kjærleik. Av denne grunn er det lett å vika unna spørsmålet om fortapinga. Det andre problem – og det er det desidert største – er at fortapinga er ein realitet som ein ikkje kan argumentera seg bort frå. Konsekvensen av det er misjon.

Spørsmålet om fortapinga er ein realitet, og om det er frelse frå fortapinga for alle, har vore til diskusjon med ujamne mellomrom like frå oldkyrkja, og det dukkar stadig opp. Samstundes er det slik at den kristne kyrkja samla har halde fast på dette lærepunkt gjennom heile historia, og gjer det også i dag. Det er tverrkyrkjeleg semje om dette, sjølv om det er nyansar i oppfatninga.

No har saka kome på dagsordenen att med utgangspunkt i at biskop Halvor Nordhaug har gått ut med sine tankemessige problem knytt til spørsmålet om fortapinga. Det Nordhaug har skrive, er på ingen måte nytt eller originalt. Han har berre presentert problemstillingar som har vorte reiste eit utal av gonger, og som dei fleste nok kjenner seg att i på mange måtar. Det er synspunkt som har fått sitt svar like mange gonger, og ser biskopen etter i vedkjenningsskriftene for den kyrkja han er biskop i, finn han den bibelske læra formulert der.

Det vert ofte talt om «fortapelsens mulighet» (på bokmål) og «livets to utgangar». Frå ei side sett er det greie uttrykk, men frå ei anna side sett er dei uklare. Saka er den, at fortapinga er ein realitet, ikkje «en mulighet». Vi kan ikkje trøysta oss til at fortapinga kanskje ikkje eksisterer. Derimot er det mogleg å verta frelst frå fortapinga, fordi det er eit reelt frelsesverk i Kristus. Det er to moglege utgangar av livet, men for den einskilde av oss er det berre ein – fortaping eller frelse.

Når ein reiser spørsmålet om fortapinga, tek ein ofte utgangspunkt i feil ende av problemet. Ein startar med den kjærlege Gud og Jesu frelsesverk, og lurer på korleis nokon kan gå fortapt i lys av det – anten fordi dei har budd i område der evangeliet ikkje er forkynt, eller ein ikkje har fått evangeliet forkynt slik at ein har kome til tru på det. Då verkar det «urettferdig» at ein vert kasta i fortapinga.

Vi bør byrja i andre enden av spørsmålet, at den heilage Gud har skapt oss med ansvar for liva våre og til samfunn med seg, men at menneskeslekta ved Adam trassa Gud og braut seg ut av samfunnet med han. Då førte mennesket seg inn under Guds dom og vreide, med fortapinga som resultat. I utgangspunktet er difor alle menneske fortapte. Då vert ikkje spørsmålet om fortapinga er «mogleg», men om det finst ein veg ut av denne situasjonen, om det finst frelse. For mennesket er det umogleg å koma seg ut av den fortapte situasjonen på eiga hand, det må skje ved ein annan, ved ein mellommann. Då er frelsa nåde, ikkje ein rett. Det store spørsmålet dreier seg då om frelsa, og kvifor denne skjer. Det tankemessige problemet er då ikkje at nokon går fortapt, men at nokon verte frelste. Det å gå fortapt er fortent, men det å verta frelst er ufortent – nåde. Då kombinerer ein fortapingas grusomme realitet, med den store gleda at det er mogleg å vera frelst frå denne.

Denne innfallsvinkelen til spørsmålet om fortapinga, fører ikkje inn i ei tenking som opphevar eller nedtonar fortapinga, men det fører inn i aktivt misjonsarbeid og forkynning av Guds ord. For kristne menneske er misjonssinnet svaret på spørsmålet om fortapinga. Det er slik vi møter saka om fortaping og frelse i Bibelen.

Johannes Kleppa 

Bilde: Adobe Stock