Guds husfolk og digital gudsteneste

I desse koronatider har det skjedd mangt og mykje, midt i at mykje har stått stille. Noko av det mest påfallande er at den tekniske og digitale verda har kome tettare på oss, anten vi vil det eller ikkje. Kristne forsamlingar har teke i bruk tekniske hjelpemiddel som aldri før. Dette har ført til at vi har fått ein del nye uttrykk og ordsamansetjingar. No er det slik at ord er fotografi av eller for tanken. Ord er uttrykk for korleis vi tenkjer, og ord har som oppgåve å forma tanken. Difor er det viktig kva ord vi brukar, og korleis vi brukar dei. Det har med den kristne tanken å gjera.  

To ord som har «kome på moten» i og med dei alternative opplegga ein har lagt til rette for når det fysisk ikkje har vore mogleg å møta til gudsteneste og andre kristne samlingar i kyrkjer og bedehus, er «digital» og «virtuell». Det er uttrykk som skal forklara det vi gjer når møte og samlingar vert overførte på nettet eller andre media, og kva som skjer då.

Det har vorte talt om «virtuell tru». I tillegg til at ordet «virtuell» er nokså uforståleg for dei fleste, og at det knytt til ordet «tru», svevar i nokså lause lufta, er samansetninga «virtuell tru» både sjølvmotseiande og meiningslaus. I mine to gamle ordbøker (frå 1960-talet) er ordet definert som «tilstedeværende, men uvirksom (om en kraft)» og «i fysikken tilsynelatende. Motsatt: reell». Slik kan trua sjølvsagt ikkje definerast eller omtalast – altså som uvirksom, tilsynelatande og ikkje reell, berre teoretisk til stades.

Det som skjer når Ordet vert forkynt, også når det skjer i media, er reelt og Ordet er verkekraftig. Det er nådemiddel. Problemet er at det kan opplevast abstrakt og upersonleg, fordi det ikkje skjer i ei forsamling, der folk er samla og ser og høyrer det same. Det er bra med alt kristent arbeid via media, og ein bør satsa enda meir på det. Det er samstundes ikke fullverdig, om det vert berre det. Trua kan lett verta teoretisk og abstrakt, altså «virtuell». I nødssituasjonar kan likevel media vera det einaste ein har, bortsett frå heimen og lønnkammeret.

Ordet «digital» er eit nymotens ord som ikkje finst i ordbøkene frå 60-talet. Det nærast er «digitalis» som er namnet på blomsten revebjelle, som har vorte brukt i medisinsk samanheng! Dei fleste anno 2020 har vel ei aning om kva ordet betyr, og forbind det med dataverda og kommunikasjon på nettet. Det er altså eit teknologisk uttrykk. Då skurrar det straks i åndelege øyro å snakka om ei digital gudsteneste, ei digital forsamling og digital nattverd. Gudsteneste, forsamling og nattverd er ikkje noko teknologisk eller teknisk, det er Guds nærvær på jorda og det er nådemiddel. Det er personleg og reelt. Det finst ikkje noko som heiter digital nattverd, berre nattverd. Det finst heller ikkje noko som heiter digital gudsteneste eller digital forsamling, berre gudsteneste og forsamling.

Utgangspunktet for å tenkja om Guds folk og alt som har med kristen tru å gjera, er at kristne menneske er Guds husfolk, der Gud er far og vi er barn. Det er familien som er mønster for dette, eller rettare sagt er Guds forhold til sitt folk mønsteret for familien. Dersom vi overfører «digital» og «virtuell» på familien og ekteskapet, ser vi kor galt det vert. Ektefolk kan ikkje ha eit «virtuelt forhold» og familien kan ikkje leva «digitalt» – sjølv om digitale hjelpemiddel er gode og nyttige når familien for ei tid må leva frå kvarandre.

Guds husfolk er og lever som familie, la oss ikkje gløyma det når tidene etter kvart på nytt tillet eit kristent forsamlingsliv.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock