Guds kvilestad

Kan det vera nødvendig for Gud å kvila, og kan det vera nødvendig for Gud å ha ein kvilestad? Han som er fullkomen og allmektig, vert vel ikkje trøytt og treng kvile? Nei, det er vel ikkje slik at Gud vert utsliten, og treng kvile av den grunn. Det er vel heller slik at Guds kvile er uttrykk for at han er ferdig med noko, og Guds kvilestad seier vel at han kan slå seg til ro. Det heile er fullkoment, og alt er i Guds hand.

Vi les tidleg i Bibelen at Gud kvilte, og at denne Guds kvile også er eit signal og eit førebilete for oss. Guds første aktivitet var at han skapte himmelen og jorda på seks dagar, og hans andre «aktivitet» var at han kvilte. Ved si kvile på den sjuande dagen viste Gud at skaparverket var ferdig og at det var fullkome, og han la med si kvile heile velsigninga si ned i skaparverket. Ved dette gav han oss den gode skaparordninga som er å arbeida i seks dagar og kvila den sjuande dagen. Kviledagen er då samstundes helgedag, eller gudssamfunnets dag, der vi på ein særleg måte søkjer Gud og hans velsigning – og med det eig del i Guds kvile.

Bibelen sier meir enn at Gud kviler, det vert også opplyst at Gud har ein særskild kvilestad. Det er nesten som ved gamle ferdselsvegar, at det er spesielle kvilestader. Rett nok spør Gud «kvar skulle det finnast ein kvilestad for meg?» Det er jo Gud som har skapt alt, og mennesket kan ikkje framskaffa noko til han – aller minst ein kvilestad. Det er han som må sjå til den arme og den fattige. (Jes 66.1f)

Salmisten opplyser likevel om at Gud har funne seg ein kvilestad her på jorda, blant menneske: «For Herren har valt ut Sion, han ville ha det til bustad: Dette er min kvilestad til evig tid. Her vil eg bu, fordi eg har lyst til det. Sions forråd vil eg velsigna, og dei fattige der vil eg metta med brød. Prestane der vil eg kle i frelse, og dei fromme der skal ropa med fryd. Der vil eg la eit horn veksa opp for David, gjera i stand ei lampe for den eg har salva. Fienden hans vil eg kle i skam, men på han skal krona stråla.» (Salme 132. 13-18.

Denne kvila gjeld altså ikkje skapinga og er ikkje ei skaparordning, men det gjeld frelsa og er ei frelsesordning. Gud kviler i Sion, i Jerusalem, der templet med nådestolen og offertenesta er. Ja, Gud seier han har «lyst» til å bu og kvila der. Det er jo litt spesielt at Gud har lyst til noko, men det må vera noko som gled han. Han har lyst til å vera fast, altså bu, der det skjer soning for mennesket sine synder. Han finn kvile i, og har sin kvilestad ved nådestolen. Det som betyr aller mest for Gud, er at folk vert frelste, og difor har han sin kvilestad der det skjer – ved nådestolen og soninga for synd, og ved syndstilgjevinga og rettferdiggjering.

Jesus innbyd alle trøytte til å koma til han og finna kvile (Mat 11.28-30). Det er særleg den som er trøytt av syndebyrda, som finn kvile hjå Jesus. Det finst altså ein kvilestad for trøytte syndarar, som det er ein kvilestad for den heilage Gud. Frelsaren og den som treng frelse, har same kvilestaden – Golgata og ordet om krossen.

Som Guds kvilestad i den gamle pakts tid var i Sion og templet, er Guds kvilestad i den nye pakts tid i hans eigen Son, Jesus Kristus – det hornet som skulle veksa opp for David og vera den salva. Denne Guds kvilestad er også vår kvilestad – min kvilestad og din kvilestad ved trua på Jesus.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock