GT er skrive til formaning for oss

Apostelen Paulus seier at GT er skrive til lærdom for oss (Rom 15.4), og at det er skrive til formaning for oss (1 Kor 10.11). Det første ber i seg at det gjev von og trøyst. Det andre gjeld særleg for oss «som dei siste tider er komne til». Det er altså den forståinga NT gjev av GT, og som med det er gjeldande for oss. Bibelen er ei bok, og samstundes eit lite bibliotek med fleire typar litteratur. For oss er det viktig å halda fast på einskapen, samstundes som vi tek dei ulike litteraturtypane på alvor.

Eg har endeleg kome gjennom Peter Halldorf si store bok om profeten Jeremia, «Fuglene synger ikke lenger», med det talande undertittelen «Profeten Jeremia i sin egen tid og vår tid». Dette er ei underleg bok og eit storverk – av fleire grunnar. Ho er underleg i positiv meining ved sin skrivemåte og ved måten ho kombinerer det kunnskapsmessig og det personlege, det læremessige og det oppbyggelege. Ho er eit storverk i omfang og arbeidsinnsats, men enda meir i måten ho framstiller profeten Jeremia og innhaldet i boka som ber namnet hans på, med stoff frå alle stader i GT, men særleg frå dei andre profetane og Klagesongane. Samstundes vert det drege liner til NT, slik at det vert ein indre bibelsk samanheng.

Halldorf legg vinn på at Bibelen er ei bok og inneheld ei lære og ein bodskap, sjølv om denne kjem fram på fleire måtar. Med utgangspunkt i Jeremia vil han få fram bodskapen i den bibelske profetien, og aktualisera denne på oss og vår tid. Dette gjer han på ein overtydande måte. I ei så stor bok, vil det alltid vera noko ein som lesar vil sjå annleis på, men det spelar lita rolle i forhold til hovudbodskapen. Peter Halldorf er ein pinsevenn som er svært oppteken med kyrkjefedrane og det oldkyrkjelege. Han vel å omtala nattverden som eukaristi og gudstenesta omtalar han ofte som messe. Det synest eg er uheldig, fordi det dreg tanken i katolsk retning, sjølv han ikkje lærer romersk-katolsk.

Det er eit hovudpoeng hjå Halldorf at profetane alltid talar til samtida, men det gjer dei på ein slik måte at det samstundes gjeld framtid. Dei talar om synd og soning, Messias og frelse, slik at dette vert til lærdom for oss knytt til Jesu person og verk, og vår frelse. Dei talar om folk sitt liv, særleg Israel, og korleis dei føreheld seg til Guds ord og vilje, og i det forkynner dei Guds dom og Guds tukt, slik at det vert til formaning til folk og einskildpersonar i dag.

I vår tid har det utvikla seg ei tenking som seier at Gud i nytestamentleg tid ikkje straffar og tuktar folk og nasjonar slik han gjorde i den gamle pakts tid. Argumentet for det, er at Gud la synda på Jesus og straffa han i vår stad. Dette går Halldorf sterkt i rette med, og hevdar at Guds handlemåte i vår tid er som i GT. Når Gud straffa og tukta i GT, var det ikkje for at folk vart frelste ved det, men for at synda ikkje skulle få utvikla seg og for å kalla folk til omvending og tru på Gud. Det var lovas gjerning. Folk vart også då frelste ved at Gud straffa synda på ein annan, særleg soningsdyret på den store forsoningsdagen – som peika fram til Golgata og Messias som vart ofra der. Det er evangeliets gjerning.

Tek ein bort det GT lærer om synd, straff og tukt, tek ein bort sjølve formaningselementet frå GT. Dette elementet kjem særleg til uttrykk ved at når folket ikkje høyrde på profetane og dyrka avgudar, bar det i seg at dei undertrykte fattige og folk lågt på rangstigen, og at dei vart pengekjære og materialistiske. Det var ein forbrukarkultur til skade for fattige og folk i vanskelege livssituasjonar. Dette er ei side ved profetien som vi nok ikkje har lagt nok vekt på inn i vår tid.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock