Koronatider og nattverd

Den koronatida vi er inne i, skaper unntakstilstand på mange område – også for misjon og kristent forsamlingsliv. Ved at ein ikkje kan samlast i kyrkjer og bedehus, fell forsamlingslivet bort – og med det ei vesentleg side ved det heilage samfunnet eller det kristne fellesskapet. Det er uråd å bruka nådemidla i forsamlinga. Det gjeldet både Ordet og forkynninga, dåpen og nattverden. Til ei viss grad kan dette «erstattast» ved hjep av heimen og digitale verktøy.

Det har vorte lagt ut mange gudstenester, møte, bibeltimar og andaktar på nettet. Slik sett har det vore tilgang på rikeleg forkynning, og mykje forkynning på nettet er høyrt av langt fleire enn om det berre var dei som kom i forsamlinga. Sang og andakt i heimen har nok også vorte brukt meir. Dette er bra. Men korkje heimen eller nettet er forsamling, og Guds ord gjev som eit kjennemerke på Guds folk, at det er eit folk som kjem saman. Guds folk er kyrkjelyd eller forsamling.

Nådemidla kan no ikkje fungera i forsamlinga, slik dei er tenkte. Når nådemidla er i funksjon, er dei likevel verksame, same kor det skjer. Dette er nokså tydeleg ved Ordets nådemiddel. Det er heller ikkje problematisk å utføra dåp i heimen med dei aller næraste til stades. At barnet er døypt, kan seinare markerast i forsamlinga. Slik har det opp gjennom heile historia vorte praktisert i den kristne kyrkja.

Det er meir utfordrande med nattverd, fordi dette nådemidlet er eit fellesskapsmåltid. Nattverden er forsamlinga sitt måltid. Det er eit måltid som samlar Guds folk. Nattverden er ikkje eit individualistisk nådemiddel, men samfunnets nådemiddel. Det inneber at ikkje kven som helst skal forvalta nattverden. Det skal skje ved folk som har åndeleg tillit i forsamling. Så langt eg kan forstå, er forvaltinga av nattverden ei hyrdeoppgåve. Dette gjeld også for fri nattverd.

På bedehuset har ein gjerne hatt ein nattverdkomite eller gitt det å forvalta nattverden til nokre få personar. Det er kanskje det næraste ein har kome ein ordna eldstefunksjon på bedehuset, før vi fekk eldst- eller hyrderåd. I dette ligg også eit ansvar for å utøva kyrkjetukt, om det skulle vera nødvendig.

I tidlegare tider var det nattverd i kyrkja berre nokre få gonger i året. Også på bedehuset var det relativt sjeldan nattverd. Det var Ordet og forkynninga som rådde grunnen. Den luthersk kyrkja var forstått som Ordets kyrkje. I seinare tid har det vorte praksis å ha nattverd svært ofte, gjerne i kvar gudsteneste. Med det har nattverden fått ein mykje sterkare posisjon, og kyrkja har gått i retning sakramentets kyrkje. I forsamlinga på bedehuset er det også langt oftare nattverd enn det var før. Det siste er bra, men det må ikkje redusera Ordets posisjon.

Opp gjennom historia har ein opplevd situasjonar der det har vore vanskeleg eller umogleg å gå til nattverd i lange periodar. Det kan ha med krig og pest å gjera, med alderdom og dårleg helse, eller med arbeid og reiser. Då har ein ikkje innført ei form for «privat» nattverd, men ein har halde seg til Ordets nådemiddel og fått det ein trong der til sitt åndeleg liv. Nattverden er viktig, men det er fullt mogleg å leva eit fullverdig kristenliv i lange periodar med Ordets nådemiddel.

Etter mi vurdering treng ein i dagens situasjon ikkje ty til kunstige ordningar som digital nattverd eller privatisera nattverden. Ein kan halda seg til Ordet, og der det ligg til rett for fri nattverd i små grupper, kan ein også gjennomføra det. Nattverden er viktig, men Ordet er basis for alt.

Johannes Kleppa

Bilde: Blogg Ove Sandvik