Å kjenna Herren er å hjelpa andre

Eg har i fleire veker halde på med å lesa Peter Halldorf si stor bok (672 sider!) om profeten Jeremia, «Fuglene synder ikke lenger», og eg har enda mykje att. Dette er ikkje ei bok berre om profeten Jeremia og profetboka hans, men om den profetiske forkynninga i det heile, og aktualiteten av denne for vår tid. Det er stoff til lærdom og ettertanke.

Vi har ein tendens til å lesa dei gameltestamentlege profetane for snevert, ved at vi konsentrerer oss einsidig om profetiar om Messias og oppfyllinga av desse. Dette er sjølvsagt svært sentralt, men profetiane er forkynte inn i historiske samanhengar, og dei er knytte til ein bodskap til folket. Vi må få med oss alt dette.

Profetane i GT forkynner mykje til dom, formaning og omvending, og dei forkynner om den sanne Gud og om avgudane. Dei anklagar folket for ikkje å høyra på profetane, ikkje ta lova på alvor og for å dyrka gudane til folkeslaga. Mykje er det vi ville kalla sosialetikk, altså korleis Guds ord skal brukast inn i samfunnet og ansvaret vårt i den samanhengen.

Profetane forkynner om det å eiga rett gudskunnskap og om å kjenna Herren. Det er påfallande i kor stor grad dette er retta mot livet, og mot korleis vi behandlar andre menneske. Å kjenna Herren på rett vis, går ikkje berre på den rette gudskunnskapen, den rette gudstenesta og på det indre livet med Gud. Det går på korleis ein tek seg av fattige, undertrykte, framande, sjuke, enker og farlause.

Jeremia går i rette med ein av kongane i Israel, og så seier han med tanke på faren: «Han hjelpte den som var arm og fattig, så han fekk retten sin. Då gjekk det han vel. Er ikkje dette å kjenna meg? seier Herren.» (Jer. 22.16)

Denne typen utsegner finn vi over alt i profetlitteraturen i GT. Guds ord seier ikkje berre at den som kjenner Herren, hjelper den som er i nød, altså at det fylgjer som ein konsekvens av at ein kjenner Herren. Profetordet seier derimot at det å hjelpa fattige og andre i vanskelege livssituasjonar, ER å kjenna Herren. Det å hjelpa folk i nød, ligg i sjølve kjennskapen til Israels Gud. Det er ein identitet mellom det å hjelpa folk og det å kjenna Herren. Det har sin grunn i at Gud tek seg av mennesket, det er uttrykk for Guds vesen.

Denne typen bibelord synest eg er vanskelege. Dei er ikkje vanskelege fordi dei er vanskelege å forstå, men dei er vanskelege fordi dei er så beint fram og lette å forstå. Då vert dei vanskelege når eg held slike bibelord opp mot mitt eige liv, fordi dette er så orientert ut frå meg sjølv, mine interesser, mine behov og det som i det heile tener meg. Då vert spørsmålet: Kor er min kjennskap til Herren?

Det vil truleg vera klokt om vi let denne bodskapen frå profeten Jeremia fylgja oss fram mot påskehelg og Golgata.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock