Permittering og misjon

Det er noko sjølvmotseiande med permittering i misjonssamanheng. Ein kunne då tenkja at misjonsoppdraget er fullført, slik at det ikkje er meir å gjera. Den situasjonen vil sjølvsagt aldri oppstå så lenge syndefallets jord eksisterer. Er det nokon stad det slik sett ikkje er rom for eller behov for permitteringar, er det i misjonsarbeidet.

No har likevel det skjedd, at alle som er «norsk tilsette» i Misjon Sarepta, har fått permitteringsvarsel. Det kan også skje for fleire av dei «spansk tilsette». Det har altså ikkje sin grunn i mangel på oppgåver, heller tvert imot. Det har heller ikkje sin grunn i at kassa er tom, sjølv om ho for tida er nokså skrapa og behovet for gåver er stort. Derimot har det sin grunn i ein påført situasjon grunna koronaviruset. Vi får rett og slett ikkje gjera det vi skulle og ville gjera. Gjester må kutta ut reisa si til Centro Sarepta, og møta i Norden må avlysast.

Dette er på mange måtar ein tragisk situasjon. Det er tragisk med tanke på alle som vert sjuke og alle konsekvensane eit virus har for land og folk, for næringsliv og kulturliv. Det er også ein tragisk situasjon med tanke på at Sarepta og alle andre misjonsorganisasjonar ikkje får utført misjonsoppgåva si fullt ut. Det er også tragisk med tanke på alle kyrkjer og forsamlingar som ikkje får samla folk om forkynning av Guds ord.

Det er no ein gong slik at inntektene i misjonsarbeidet i stor grad står i forhold til aktiviteten. Det gjeld kollektar og den inspirasjonen folk får til å gje når Ordet når inn til hjarta, og for Sarepta gjeld det inntekter på senteret i Spania frå gjester som kjem dit. Når inntektene vert mindre, må utgiftene ned, og store delar av utgiftssida er lønnskostnader – sjølv om det også vert utført mykje frivillig og ulønna arbeid.

Når misjonsarbeidet på denne måte for ein periode nærast går i dvale, er det viktig at Guds folk syter for oppbygging for eigen del, at ein kan halda kontakt med kvarandre og at ein ikkje gløymer gjevartenesta. Bibellesing og husandakt er alltid viktig, og særleg viktig når ein ikkje kan gå i den kristne forsamlinga. Når ein må vera meir heime, kan ein meir bruka den kristne boka og lytta til forkynning som ligg på nettet – og her er meir enn nok å ta av, og det av solid undervisning og forkynning. Når ein sparer litt pengar med å måtta halda seg heime, kan ein gje meir til misjonsarbeidet. Mobilen kan dessutan brukast litt ekstra til å halda kontakt med folk, ikkje minst sjuke og gamle.

Permittering er altså ikkje noko vi vil, men når det først skjer, opnar det for litt nytenking og for ein annan type engasjement enn det vanlege.

Johannes Kleppa

Bilde: Fotolia