Misjon overfor muslimar og forbønn

-Det er viktig at det blir bedt til Gud for de som har fått NT, og for andre som kan få lese det. Arbeid blant muslimer er svært avhengig av forbønn, understreker Egil, og kaller med det venner av Sarepta til å gå inn i denne tjenesten.

Ovaforståande avsnitt er henta frå intervjuet med Solveig og Egil Reindal som ligg her på heimesida til Sarepta. Det er sagt i samband med at Egil fleire gonger vitja ein by ikkje langt frå Centro Sarepta for å snakka med muslimar om Gud, slik at dei kunne få møta evangeliet om frelse i Jesus Kristus. Det skjedde i regi av Sarepta, og det var på mange måtar eit nybrotsarbeid. Kva resultatet av dette var eller vert, er ikkje godt å seia. Det er ei kjent sak at misjon blant muslimar ofte er vanskeleg og tidkrevjande.

Alt misjonsarbeid er avhengig av forbønn, men misjon blant muslimar er kanskje særleg avhengig av dette. Det har fleire grunnar. Den kanskje mest fundamentale grunnen er at i islam vert dei mest sentrale bibelske momenta knytt til Jesu person og gjerning, rekna som blasfemi. I islam er Jesus rekna som ein stor profet, men det vert sterkt avvist at han er Gud, og at Gud er treeinig. Jesu død for våre synder og hans oppstode vert fornekta. Islam er slik sett den mest antikristelege av alle religionar. Det skal svært mykje til for ein muslim å endra oppfatning av kven Jesus er, og tru på han slik Guds ord framstiller Jesus.

I islam er det dessutan ein svært høg terskel for å konvertera til ein annan religion. Det har sterke religiøse grunnar, og det set svært djupt i kulturen. Å konvertera, særleg til kristendommen, har store personlege og familiære konsekvenser. Det kan i siste instans stå om livet. Det er ein nokså sterk indre justis i mange muslimske samanhengar.

Opp gjennom historia har muslimske område vore ei tung misjonsmark, og i land som er dominerte av islam, har det ofte vore lite misjonsarbeid. Kart som viser kor misjonærar er plasserte, viser tydeleg at det er få i muslimske område. Sarepta vil gjerne gå inn i slike område, men det er vanskeleg. Sidan det er mange muslimar frå Nord-Afrika i Spania, vil vi gjerne nå desse, men til no har vi hatt lite ressursar å setja inn på det. Det var difor kjærkome at Egil Reindal, som har erfaring frå slikt arbeid i Afrika, ville gjera ein framstøyt på dette området. Det er å vona at det kan leggja seg til rett for meir seinare.

Det er eit arbeid som krev tolmod, og som ofte gir lite synlege resultat. Det mest synlege i dei samtalen Egil fekk med ein del muslimar, var at han fekk delt ut nokre NT på arabisk. Guds ord er berar av Guds Ande, og med det virkekraftig. Det er å vona at det får gjera sin gjerning også i nokre muslimske hjarto i Spania. Sett i historisk perspektiv er det for tida relativt mange muslimar som kjem til kristen tru i vår tid, særleg i Iran. Det same kan også skje i Spania og i Nord-Afrika, der Sarepta har kontaktar.

Eg vil gjerne få løfta fram Egil Reindal si understreking: Arbeid blant muslimar er svært avhengig av forbønn!

Johannes Kleppa

Bilder: Fotolia