Kvinnelege eldste undergrev åndeleg leiarskap

For første gong har ei forsamling knytt til Indremisjonsforbundet (ImF) vald kvinner til eldsterådet. Det er ikkje ei sak berre for ImF, men for heile Bedehus-Noreg. Bedehuset er i stor grad eit felles hus og eit felles arbeid for dei kristne organisasjonane. Difor influerer det som skjer på bedehuset, på alle organisasjonane sitt arbeid. Dette gjeld også det som skjer i forsamlingar som er tilknytte bestemte organisasjonar.

ImF har i alle år stått læremessig for det som vert kalla «tenestedeling», der ein ut frå Guds ord lærer at lære- og hyrdingtenesta skal utøvast av menn med nådegåve til det. Det er ikkje berre ein tradisjon i ImF, men det er vedteke i organisasjonen som forpliktande lære og praksis. Når styreleiaren i den aktuelle forsamlinga seier at dei ikkje ønskjer å utfordra ImF teologisk ved sitt val, så er saka den at dei ikkje berre utfordrar ImF, men dei utfordrar bedehusrørsla i det heile og fellesskapet i denne. Er det noko vi no ikkje treng, er det opptreden som splittar teologisk og praktisk ved innføring av ny lære og praksis. Vi treng åndeleg samhald forplikta på Guds ord.

Det er rett at vi treng styrkja det åndelege leiarskapet på bedehuset, fordi den omreisande predikanten stort sett er borte og fordi det uformelle åndelege leiarskapet har vorte svekka. Saka er likevel den, at vi svekker det åndelege leiarskapet med å velja kvinnelege eldste. Vi kan ikkje styrka det åndelege leiarskapet ved å innføra ordningar i strid med Guds ord. Og vi kan aller minst styrka det åndelege leiarskapet ved å innføra ordningar med basis i at ein ikkje hadde noko val ut frå haldninga eller situasjonen i forsamlinga. Ein har stadig opna fleire stillingar og funksjonar for kvinner, og med det har ein etter mitt skjønn innsnevra det åndelege leiarskapet. Dette har likevel skjedd med basis i at lære- og hyrdingtenesta vart lagt til bestemte organ og stillingar som menn skulle ha, slik at ein prinsipielt har halde oppe tenestedelinga. No har det skjedd noko prinsipielt nytt i ImF.

Til no har eg ikkje sett nokon bibelsk argumentasjon som har overtydd om at Guds ord opnar for kvinner i lære- og hyrdingtenesta. I dette tilfellet er det ikkje ein gong gjort forsøk på å grunngje det bibelsk, men berre ut frå den faktiske situasjonen i forsamlinga, der det altså ikkje ville vera forståing for noko anna. Det er å falla til fote for mennesket sin tanke og mennesket sitt krav. I prinsippet gjer det alt lærevern i kontroversielle saker umogleg. I nær sagt alle spørsmål kan ein då argumentera med kva folk i forsamlinga meiner, og handla ut frå det. Det er ein kristent sett så uforsvarleg argumentasjon at det nesten er ufatteleg at ansvarlege leiarar på bedehuset kan stå for det. Dersom haldninga i forsamlinga og teologien ikkje går i hop, er det teologien som skal styra forsamlinga, ikkje motsett.

Når det så frå leiarhald på høgare plan i organisasjonen, vert sagt at spørsmålet er lite brennbart og at ein lever godt med den løysinga som er vald, seier ein ja til ei utvikling der kvinnelege eldste vert naturleg i ImF og på bedehuset. Over tid vil det endra organisasjonen og bedehuset, slik at dei som ikkje kan gje seg inn under kvinnelege eldste, må finna seg ein annan åndeleg heim. For min del ville eg kome i samvitskonflikt om eg var i ei forsamling som innførte kvinnelege eldste. I Misjon Sarepta har vi vedtektsfesta at styret er lære- og hyrdingorgan i organisasjonen, slik at det skal bestå av berre menn, og denne paragrafen kan ikkje endrast.

Når det også vert argumentert med at det innan ImF har vore romsleg når det gjeld læresyn, er det å fordreia situasjonen. Historisk har ImF, som bedehuset i det heile, vore læremessig tydeleg, men det har vore ulike syn på nokre område, slik som om endetida. I andre spørsmål har organisasjonen gjort vedtak som har forplikta denne, slik som om tenestedeling, men det har vore rom for at einskildpersonar har anna syn. I dette tilfellet vert ny teologi ført inn på eit organisatorisk plan, ikkje berre på eit individuelt plan. Det er noko nytt, og det ber strid og splitting i seg.

Det er elles ei kjent sak at forsamlingar av nyare type samlar folk som ikkje har sterk identitet i forhold til organisasjonen forsamlinga er knytt til. Då forventar ein at dei er lojale mot den samanhengen dei har vald å vera knytte til. Dersom forsamlinga ikkje kan det, bør ein melda seg ut av samanhengen. Det er den einaste måten ein ikkje utfordrar teologien i organisasjonen på, om ein ikkje bøyer seg for denne eller i det minste opptrer lojalt.

Johannes Kleppa

Foto: Privat. (Tatt av avisen Dagen sin nettside)