Gud og tida

Kvart årsskifte minner oss om at det er noko som heiter tid. Tida går, seier vi moderne menneske som stressar avgarde. Tida kjem, seier naturfolk som tilpassar seg tilværet. Det er meir avslappande å tenkja at tida kjem, enn at tida går. Men kvar kjem tida frå, kva er tid og kva er tida tenkt til?

Tida er knytt tid skaparverket. Gud er utafor tida, han er æve. Tida er altså skapt, og ho vart skapt på fjerde skapingsdagen, då Gud sette sola, månen og stjernene på himmelen. Det er jorda sin gang i forhold til sola som definerer tida, men for auga ser det ut som det er sola som går rundt jorda. Tida møter oss som døgn, veker, månader og år. Nokre har prøv då endra på tida ved å omdefinera veka til ti dagar og månaden til 30 dagar. Det skaper berre kaos, fordi tida er nedlagt som ei skaparordning av Gud, og då er det berre Gud som kan endra denne.

Det er jorda sin fart som bestemmer kor lang ein dag og eit år er. Nokre har meint at jorda gjekk raskare før syndefloda, og at det forklarer kvifor folk då vart så mange år, men det veit vi ikkje. På den nye jorda er det berre dag, utan sol, fordi Gud og Lammet er lyset. Då er tida avløyst av æva, og den ævelege Gud bur der.

For oss er ikkje berre tida knytt til sola, men også lyset. Det skaper litt hovudbry knytt til skapinga, fordi lyset vart skapt første skapingsdagen. Korleis kunne det vera lys og kveld og morgon før sola? Ja, det er det vel ingen som har eit sikkert svar på. Det kan vera knytt til at Gud er lys, og det kan vera at Gud først skapte solstrålene første dagen og så knytte dei til sola fjerde dagen. Det som er sikkert, er at Gud skapte både lyset og tida – og at vi er avhengig av begge, og at Gud brukar både tida og lyset både når det gjeld skaping og frelse.

Ved at Gud skapte tida, skapte han også historia – og han er tida og historia sin Herre. Det er til langt større trøyst for oss, enn vi til vanleg tenkjer over. Gud er ikkje ein Gud som berre opererer i ideverda, men han er ein Gud som opptrer og handlar i tida og historia. Det er Israels historie som frelseshistorie eit godt døme på, men det aller sterkaste er julehelga. Ved inkarnasjonen trådte Gud inn i tida som eit menneske knytt til ei folketelling. Han fylgde tidsrytmen fram til ei bestemt påskehelg.

Nokre gonger brukar Skrifta uttrykk som «når tida var inne» eller «når tida var fullkomen», handla Gud. Det er sterke uttrykk for at Gud har kontroll på tida og historia, og brukar denne i si frelsesgjerning. Når Gud handlar, skjer det ikkje tilfeldig, men etter Guds timeplan. Slik vil det også vera ved Jesu atterkome og avslutninga av tida. Evolusjonslæra oppløyser det som ligg i tida og historia når det gjeld Guds frelseshandling.

Fram til Jesus kjem att, har Gud tida i si hand, og med det har han også mennesket i si hand. Det er ei stor trøyst for Guds folk at våre tider er i Guds hand ved Jesus Kristus, fordi då er også døden og æva i Guds hand. Gud skapte ikkje tida og historia for å overlata denne til seg sjølv og ei tilfeldig utviklinga. Han skapte det heile med utgangspunkt i at han før verdens grunnvoll var lagt, hadde utvald oss i Kristus. Han skapte altså med mål og meining – med mål om frelse.

Ved at Gud har skapt tida og har denne i si hand, kan vi ved eit årsskifte seia: Godt nytt år!

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock