«Himlen gav sin beste skatt»

På Centro Sarepta starta vi julefeiringa tidleg, både med pynting og julesongar. Ein av dei songane som vart sungne, var «Stille natt, heilage natt», som seier at «himlen gav sin beste skatt». Julenatta er altså heilag fordi himmelen då gav det beste han hadde – Guds Son, Messias. I det gåva vart gjeven, såg ho ikkje så spesiell eller gjev ut. Det var ein gutt som vart fødd, og han var som alle andre guttebarn – bortsett frå at dei fleste vart fødde under betre kår enn i ein stall.

Det er det som skjer julenatta, i det Jesus vert fødd, som gjer kristendommen til noko heilt anna enn det som kjem fram i alt av religionar og religiøsitet – og som gjer at det som skjer etter julehelga, særleg i påskehelg, er så spesielt og har så stor verdi. Det er Gud som kjem til jorda i sin Son. Det er einaste gongen i historia dette skjer, at Gud vert menneske – og det vert han for å frelsa oss. Himmelen gjev «sin beste skatt», fordi han gjev oss Gud til vår frelse. Det er berre kristentrua som reknar med og set si lit til at Gud har kome til jorda for å sona synda vår, og med det ordna frelse for oss.

Ingen andre religionar har eit slikt utgangspunkt eller ein slikt frelsesbodskap. Anten reknar dei ikkje med Jesus i det heile (naturreligionane), eller så har dei han som ein slags gud på line med ei rekkje andre (hinduismen), som ein stor profet (islam), eller så ventar dei på at Gud skal senda Messias (jødedommen). I kristendommen er det eit heilt anna perspektiv og det er på eit heilt anna nivå, i det Gud har stige ned på jorda til vår frelse. Det er dette som er nåde, fordi her kjem Gud til oss og viser oss velvilje og venskap i sin Son, og gjev oss frelse ved han.

Det er denne Jesus som slik har stige ned frå Guds himmel og inn på vår jord, som er til frelse – og berre han. Det vert fortalt om muslimar som har draumar og syner der dei ser Jesus, og det fører fleire til tru på Jesus som frelsar. Ein kristen med muslimsk bakgrunn og som prøver å spreia evangeliet blant muslimar gjennom å driva bokhandel i Nord-Afrika, understrekar at slike syn og draumar ikkje er nok i seg sjølv. Dei trudde jo på Jesus frå før, men då som profet, og det er denne trua dei vert styrkte i, om dei ikkje får høyra evangeliet. Det er berre ved Ordet ein kan koma til sann tru på Jesus. Det store er at mange muslimar som har slike syn av Jesus, på merkeleg vis kjem i kontakt med kristne eller kristen forkynning, og då ser at han dei såg i synet eller i draumen, er meir enn ein profet. Han er Gud og frelsar. Det er eit radikalt brot med deira islamske tru, og det fører over frå døden til livet.

Ja, «himlen gav sin beste skatt» den stille og heilage julenatta, men folk må få sjå kva denne skatten er – eller rettar: dei må få sjå kven han er. Det gjeld nordmenn som spanjolar, muslimar som ateistar. Dei må få sjå Messias, Guds Son – det er misjon.

Johannes Kleppa

Foto: Adobe Stock