NLA og KRIK – fundament og mål

Det har storma rundt NLA Høgskolen og KRIK den seinare tida, og bølgene vil nok ikkje leggja seg dei første dagane. Det saka gjeld, er både likt og ulikt for dei to institusjonane. Det gjeld samlivsspørsmål, og då særleg spørsmålet om homofilt samliv. For NLA vert dette aktualisert på den akademiske fridomen, og for KRIK på forkynninga. Det er til tider ført ein argumentasjon som er svært problematisk med tanke på den funksjonen desse institusjonane skal ha.

For å seia det litt brutalt: NLA er ikkje oppretta som ein boltreplass for akademikarar, eller ein stad der folk kan ta doktorgrad og som professorar dosera sine eigne oppfatningar. NLA er oppretta på eit definert fundament og med ei bestemt oppgåve. Tilsette er forplikta på det fundamentet og den oppgåva. Det er ein føresetnad for å verta tilsett ved institusjonen og for å vera der.

For meg er det nesten ufatteleg at folk med professorkompetanse og andre akademikarar søkjer stilling på ein institusjon som dei ikkje kan identifisera seg med verken i fundament eller oppgåve. Då må dei forventa ikkje å få stillinga. Det er faktisk styret si plikt ikkje å tilsetja dei, elles vil styret undergrava sin eigen institusjon.

Tilsvarande er det smått utruleg at folk på høgt akademisk nivå meiner dei har rett til å heva lønn og ha fritt spelerom på ein institusjon som dei ved sitt syn og sitt engasjement undergrev føremålet til, definert av eigaren. For meg står dette som direkte uansvarleg og uakademisk. Når ein på toppen av det heile offentleg gjev uttrykk for frykt for å missa jobben som professor fordi ein overfor studentane openbert tek avstand frå det eigaren av institusjonen står for – og det endatil utafor eige fagområde, kan det vanskeleg karakteriserast som anna enn frekt.

Tilsvarande er ikkje KRIK oppretta for at det skal vera ein stad der unge og vaksne kan få boltra seg som leiarar. KRIK er oppretta for at unge som er opptekne med idrett, skal få ein plass der dei kan få høyra Guds ord til frelse og kristent liv. Då må forkynnarar og leiarar dra i same retninga, altså må det vera samsvar mellom det som vert forkynt og slik ein lever.

KRIK har vore viktig for at unge skulle få høyra evangeliet til frelse. Det veike punktet har vore at ein i liten grad har teke opp i forkynninga spørsmål som er kontroversielle i tida eller i teologien. Dette har no gjeve seg eit dramatisk utslag i at ein har opna for leiarar som lever i sambuarskap eller i homofilt samliv. Det seiest frå generalsekretæren at det som skal forkynnast, er det ein står saman om. Konsekvensen av det er at bibelsk rettleiing om samliv og ekteskap fell ut, eller så må organisasjonen leva i strid med seg sjølv.

Det vert også argumentert med at vedtaket viser at organisasjonen er tverrkyrkjeleg og økumeniske. Saka er at vedtaket er antiøkumenisk, og at det skaper splitting framfor einskap. Derimot er det i samsvar med den negative teologiske utviklinga i Den norske kyrkja.

Det er viktig at det frå eigaren vert gjort det som er nødvendig for å bevara NLA på sitt fundament og med si oppgåve. Det vil vera eit stort tap for Kristen-Noreg om NLA vert som ein offentleg høgskule. Det er tragisk om KRIK er tapt som ein evangelisk bibeltru organisasjon, men det er no vanskeleg å sjå korleis ein kan unngå det.

Johannes Kleppa