Universitet og høgskular formar folket

Dei livsyn, ideologiar og filosofiske retningar som formar eit folk, finn først sitt feste ved dei høgaste utdanningsinstitusjonane. Herifrå sig dei ut i folket. Leiande filosofar og professorar set sitt preg på dei som underviser ved universitet og høgskular, og desse set på si side sitt preg på studentane. Dei som er høgt akademisk utdanna, får leiande stillingar i samfunnet, i politikk og næringsliv, i kultur og media – og ikkje minst i skule og oppseding.

Dette har ein som kyrkje og kristenfolk teke for lite på alvor, men så er det også ei svært krevjande sak. I mellomalderen forstod ein dette, og difor var dei første universiteta kristne. Klostra var også viktige lærdomssentra som hadde formande makt i folket. Reformasjonen og pietismen såg også at utdanninga var viktig, men ein satsa mest på grunnskulenivået. Dessutan la ein vekt på diakoni, men forkynninga var det aller viktigaste.

Også i vårt land har ein gjort noko på dette feltet, og frå nyare tid er Norsk Lærarakademi truleg det beste dømet på det. Generelt må ein nok seia at lekfolket både i bedehus og frikyrkjer har vore for lite opptekne med det som skjer i høgare utdanning. Den sekulariseringa som har breidd om seg i rekordfart i landet vårt, kjem frå universiteta og høgskulane, og som kristenfolk er vi bakpå i det som skjer. Frå kristent hald er kontakten med folket liten når det gjeld ideologisk påverknad. Det er stort sett avgrensa til kristenfolket ved forkynninga, og denne har i liten grad teke opp seg i den ideologiske utviklinga i akademia og vitskapen.

Også det som skjer i kyrkjelivet vert i stor grad prega av det som skjer på høgskulenivå, i alle fall innan Den norske kyrkja. I lekmannsarbeidet vert ein også prega av det som skjer på dei teologiske høgskulane, sjølv ein her i stor grad sjølv kan styra og forma ut frå si eigenart. Det er avgjerande viktig at ein er seg medviten kor ein hentar impulsar og kva ein vert forma av.

Det som no har kome fram om intern usemje på NLA Høgskolen, når det gjeld korleis ein slik høgskule skal drivast, kva det skal vera rom for og kva målet med institusjonen er, er symptomatisk og nesten som eit barometer på dei «teologiske værforholda». Menighetsfakultetet (MF) har vore gjennom ei utvikling den siste generasjonen som gjer at MF er tapt som ein leverandør av bibeltru teologi, sjølv om institusjonen framleis kan gjera grundig teologisk-vitskapleg arbeid.

Det saka gjeld akademisk og vitskapleg sett, er om ein kristen høgskule skal arbeida religionsvitskapleg eller teologisk. Arbeider ein religionsvitskapleg, arbeider ein på allmenne vitskaplege premissar. Då vert det meste undersøkingar, analysar, drøftingar og samanlikningar, utan at det vert normativt eller forpliktande ut over det som ligg i den fornuftsmessige argumentasjonen. Slik må ein arbeida ved profane universitet og høgskular.

NLA vart oppretta og har vorte driven som ein teologiske høgskule. Då arbeider ein primært med utgangspunkt i at kristendommen er ein openberringsreligion, og denne openberringa finn ein på forpliktande vis i Bibelen. Ved at NLA no har mange fleire fag enn dei teologiske, vil mykje av forskinga og undervisninga i stor grad vera på allmenne premissar, men det fundamentale og styrande ligg i openberringa, og med det i teologien.

Det er avgjerande viktige at NLA ikkje går over til å verta ein religionsvitskapleg høgskule, som det er tendensar til, men vert verande ein bibelforplikta teologisk høgskule. Det er dei styrande organa sitt ansvar saman med dei tilsette å syta for at det skjer.

Johannes Kleppa

Bilde: AdobeStock