Denne veka har det vorte undervist i urhistoria og Forkynnaren ved Centro Sarepta. Sjølv om Forkynnaren står i Det gamle testamentet, er det det ei svært aktuell bok inn i dagens vestlege samfunn som er prega av rasjonalisme, materialisme og overflatisk underhaldning. Boka kan hjelpa oss til kristen tenking i vår tid, og ho kan gje perspektiv på misjonsarbeid, forkynning og evangelisering overfor folk i dagens åndssituasjon.
Urhistorie (1 Mos 1-11) er likevel enda meir fundamental enn Forkynnaren, fordi denne delen av Bibelen legg grunnlaget for all kristen tenking – for ei rett forståing av universet, ei rett røyndsomsforståing og ei rett forståing av frelsa. Det er Jogeir Lianes, leiar i Skaper, som har undervist i urhistoria. Han har lagt stor vekt på at dette er truverdig historie, at vi her lærer korleis skapinga har skjedd, og at dette dannar grunnlaget for kristen røydomsforståing, når skaping vert halden saman med syndefallet og det som skjer ved Noah.
Lianes har sett dette opp mot naturvitskapen og evolusjonslæra. Innan naturvitskapen skjer det stadig endringar, men det meste av det Bibelen fortel knytt til skapinga og konsekvensane av syndefallet og flaumen, kan ein finna rimelege naturvitskapelege forklaringar på – om ein ikkje er opphengt i milliardar av år og tilfeldig evolusjon. Det er gode grunnar i bibelteksten for å forstå det slik at skapinga har skjedd på seks dagar, at jorda er ung og at slektstavlene tilseier at ho er ca 6000 år gammal. Det er det fullt mogleg å forsvara også vitskapleg, og slik naturvitskapen utviklar seg, er det stadig meir som peikar i retning Bibelens skapingslære og ung jord.
Sidan all vitskap, og særleg naturvitskapen, stadig er i endring, skal vi ikkje byggja vår kristne forståing eller bibeltolkinga på det naturvitskapen til ei kvar tid hevdar. Vi skal halda oss til den openberringa Gud gjev i sitt ord, også når det kolliderer med vitskapen si forklaring av livets opphav og utvikling. Det vitskapen aldri kan gje oss svar på, er meininga med tilværet og livet. Det ligg på eit anna plan, sjølv om evolusjonslæra har vorte som eit forklarande livssyn.
Opp gjennom historia har det i den kristne kyrkja vore ei nokså samstemmig oppfating av at Gud skapte på den måten dei to første kapitla i Bibelen fortel, og at dette er historisk å forstå. Det har også vore semje om at syndefallet var historisk reelt ved dei to første menneska, og at det prega heile menneskeslekta og heile universet etterpå. Det har i tillegg vore vanleg å forstå flaumen på Noah si tid som reell og global, og at det då skjedde store endringar på jorda og i livsvilkåra for alt levande.
Ved opplysningstida og framveksten av naturvitskapen kom det inn nye oppfatningar, som også har gjort seg gjeldande blant kristne. På nokre område og i detaljar er ulike oppfatningar uproblematisk. Det å generelt gjera det Bibelen fortel om skapinga, syndefallet og flaumen til noko som ein kan ha ulike meiningar om, altså at det vert som adiaforon, er likevel svært problematisk. Det rokkar ved Bibelens autoritet og at Bibelen er klar, og det undergrev ei bibelsk røyndomsforståing, Jesu frelsesverk og vona om ein ny himmel og ei ny jord. Det er ein uløyseleg samaheng mellom ein historisk Adam og ein historisk Jesus, mellom skapinga, syndefallet og frelsverket.
Johannes Kleppa
Bilde AdobeStock