Kvinner i dei kristne organisasjonane

Bibelen lærer tydeleg at kvinner og menn er skape i Guds bilete, og slik er likeverdige. Det betyr likevel ikkje at dei er like, men at dei utfyller kvarandre. Dette vert svært tydeleg i ekteskapet. At den nye likekjønnsideologien ikkje respekterer det som ligg i skapinga, rokkar ikkje ved sjølve saka.

Bibelen lærer like tydeleg at kvinner og menn er Guds barn ved trua på Jesus, og slik er likeverdige inn for Gud og som kristne. Dette kjem til uttrykk i det allmenne prestedømet som seier at alle kristne har ei teneste for Gud. Det inneber like fullt ikkje at alle tenester er like, eller at alle kristne har eller skal ha alle tenestene. Det skjer etter Guds kall og nådegåveprinsippet. At nokre med utgangspunkt i dåpen vil gjera alle like i tru og teneste, rokkar ikkje med realiteten i saka.

I 2011 var det 50 år sidan vi fekk den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja (Dnk). Det vart feira som eit jubileum, utan å få fram kva økumenisk brot som låg i dette, kva strid det førte til i Dnk eller visa til den teologiske argumentasjonen mot kvinnelege prestar. Sjølv om debatten om kvinnelege prestar no i praksis er fråverande i Dnk, er det eit faktum at dei fleste store historiske kyrkjene framleis seier nei til kvinnelege prestar. Det er paradoksalt at ein midt i ei økumenisk tid, er så antiøkumeniske i dette spørsmålet.

Kvinneleg presteteneste har gått sin sigersgang i liberale og evangelikale/pinsekarismatiske samanhengar. Det første er naturleg, men det andre er underleg – både ut frå skriftprinsippet, skapingsteologien og den totale kristendomsforståinga.

Foreningen for Bibel og Bekjennelse (FBB) har no gjeve ut ei bok, «Skal kvinnene tie?», som nesten er som eit «motskrift» til den jubileringa som var for den første kvinnelege presten. Boka er ikkje nyskriva, men det er ei samling artiklar som tidlegare har vore utgitt i Noreg og internasjonalt, og som argumenterer mot kvinnelege prestar frå ulike innfallsvinklar. Boka er både nyttig og lærerik, men ho har eit veikt punkt ved at ho ikkje tek opp i seg ein lågkyrkjeleg argumentasjon med tanke på dei kristne organisasjonane. Det er i realiteten her kampen på dette området står no i landet vårt.

Nokre av dei kristne organisasjonane legg det såkalla tenestedelingsprinsippet til grunn for sin praksis. Det seier at lære- og hyrdingtenesta er for menn med nådegåver og åndsutrustning til dette. I desse organisasjonane har det sidan rundt 1980 gått ein diskusjon om kva funksjonar og stillingar som reelt er lære- og hyrdingstillingar. For kvar debattrunde har ein definert stadig færre verv og stillingar som lære- og hyrdingfunksjonar, og med det opna for kvinner. Stadig vert det også spurt etter konsekvens i dette, og reist kritiske spørsmål med tanke avgrensingar i kvinna si teneste. Det kan vera gode grunnar for dette, men det kan vera at ein ikkje ser heilt kva ein då gjer.

Etter mi vurdering bør ein no med tyngde stilla ein annan type spørsmål: Kva gjer det med lære- og hyrdingtenesta når denne vert avgrensa til stadig færre verv og stillingar, for at kvinner skal kunna gå inn fleire stader? Inneber dette ei nedtoning av lære- og hyrdingtenesta i ei tid der denne trengst meir enn nokon gong i organisasjonane? Fører det til at også menn vert sett til tenester dei ikkje har nådegåver og føresetnader for med tanke på lære- og hyrdingoppdraget? Når denne oppgåva vert lagt til stadig færre posisjonar, og med det på stadig færre personar, maktar då dei som har denne tenesta, å uføra henne på fullverdig måte? Spørsmåla kunne vore fleire.

Johannes Kleppa

Bilde: «Mann og kvinne» AdobeStock