Bibelen – klar openberring

Eg er igjen på Centro Sarepta og underviser på bibelskulen der. Faget eg no har hatt i to veker, er kort og godt «Bibelen»! Her det mykje som kan seiast, og det er naturleg ved oppstarten av eit nytt bibelskuleår å fokusera på kva bok Bibelen er, og med det kva ein studerer gjennom eit år eller ei veke på bibelskule.

Hovudfokuset har vore at Bibelen er openberring. Av alt det viktige som kan seiast om Bibelen som Guds ord, er dette det aller viktigaste. Alt anna har sin karakter og sin autoritet frå at Bibelens ord er openberring frå Gud i himmelen. Det at Bibelen er openberring, betyr at Gud i sin himmel talar til menneske på jorda, og at ordet frå Guds hjarta kan nå inn i menneskehjarta. All kristen teologi og lære må ha Bibelen som openberring som einaste kjelde og norm.

Openberring er ein kunnskap som Gud har i himmelen, men som mennesket etter syndefallet ikkje har på jorda, fordi denne kunnskapen har ikkje kome opp i noko menneskehjarta. Denne kunnskapen er mennesket samstundes heilt og fullt avhengig av for å læra Gud å kjenna og læra seg sjølv rett å kjenna, og med det sjå trongen for frelse og læra frelsa i evangeliet å kjenna. Bibelen som openberringsbok er det viktigaste vi har på jorda, og då er det klokaste vi kan gjera, å høyra og lesa Guds ord i Bibelen. Det er også difor Sarepta legg så stor vekt på forkynning og undervisning.

Bibelen openberrar sanninga for oss, og det på ein forpliktande måte. Med det har Bibelen også absolutt autoritet, og er avgjerande norm for alt han uttalar seg om. Som openberringsord frå Gud er Skrifta inspirert av Guds ånd, og med det berar av Guds kraft. Det gjer at Ordet er eit verkekraftig nådemiddel, og det er berre Guds ord som har den funksjonen at det formidlar frelse frå Gud til oss. Det skjer ved Ordet om krossen.

Det er ei viktig side ved openberringa at denne er klar og eintydig, utan indre motseiing eller noko upåliteleg. Det ligg til grunn for det vi kallar læreprinsippet – Skrifta åleine eller skriftprinsippet. Det er difor mogleg å lesa Bibelen og få tak i innhaldet på ein rett måte. Vi treng ikkje eit pavevelde eller eit professorvelde som må tolka skrifta for den vanlege mannen og kvinna. Dersom Skrifta hadde vore uklar eller upåliteleg, måtte vi hatt ein eller annan instans utafor denne som kunne korrigera og tolka henne, slik som ein tradisjon ved sida av Skrifta eller ein ufeilbarleg pave. Det treng vi altså ikkje, men det vi treng, er å lesa og høyra Ordet saman med Guds folk, slik at vi får den hjelpa som ligg i nådegåvene og forsamlinga til å trengja inn og forstå Ordet.

Det at Skrifta er klar, betyr ikkje at alt er enkelt å forstå, men då ligg ikkje problemet i Skrifta, men i oss. Våre kunnskapar er avgrensa og vår evne til å forstå er avgrensa. Dessutan er vår tanke og erkjenning prega av syndefallet. Det at vi ikkje forstår alt, eller at vi tolkar ein del ulikt, må ikkje brukast mot Skrifta eller oppfattast som at Skrifta er uklar. Det er vi som er uklare, medan openberringa er klar.

Johannes Kleppa

Bilde: AdobeStock