Ekteskap og leiarskap

Den debatten som har vore i Den norske kyrkja (Dnk) om ekteskap, homoseksuelt samliv og likekjønna «vigsel», ber i seg ein surdeigseffekt langt ut over Dnk. Vi har sett tendens til tilsvarande debatt i ulike frikyrkjer og i ulike kristne organisasjonar. For meg synest det som at ein del kristenleiarar har vore for naive, og tenkt at dette var ei sak for stats- og folkekyrkja. Med det har dei ikkje gått skikkeleg inn i problemstillinga, ikkje hatt eit sterkt nok engasjement i saka og ikkje ført ein opplysande bibelsk argumentasjon med tyngde. Leiarskapet har med andre ord opptrådt for svakt.

Resultatet er at «det nye synet» veks fram i det skjulte, og når det så stig ope fram, viser det seg å ha større omfang enn ein tenkte. På denne måten vert ein teken litt på senga, og ein er bakpå og i forsvarsposisjon. Resultatet er at ein prøver å finna praktiske og pragmatiske løysingar på den situasjonen har som har oppstått. Det inneber i realiteten at ein inngår kompromiss, framfor å halda oppe ei avgjort prinsipiell haldning og la det få sine naturlege konsekvensar.

Det mest slåande døme på dette er det som no har skjedd i KRIK. Dette er ein ungdomsorganisasjon som har vakse seg stor, og som har hatt ein tydeleg bibelsk profil med vekt på frelse, kristent liv og teneste. På mange vis har det vore ein «fellesorganisasjon» som har spelt på lag med andre, slik at det er oppretta KRIK-liner ved ulike skular. Det svake ved organisasjonen har vore at han har profilert seg lite i kontroversielle spørsmål. Det er forståleg ut frå at ein ikkje vil støyta unge frå seg, men nå dei med evangeliet. Det er likevel svært uheldig om ein ikkje held oppe eit klårt og avgjort standpunkt i leiande organ og blant tilsette, og at ein underviser klart i alle spørsmål.

Det som har skjedd i Dnk, har tydeleg hatt ein smitteeffekt til KRIK. Det kom raskt opp forslag om å akseptera folk som leiarar som lever i homoseksuelle forhold. Etter intens debatt vart dette utgreia med det resultatet at organisasjonen gjorde eit variant-vedtak av Dnk sitt vedtak om to likeverdige syn. KRIK har gjort dette ved å halda fast på at ekteskapet er mellom mann og kvinne, samstundes som dei ikkje avviser leiarar som lever i homoseksuelle forhold. Det er eit uklart vedtak, eit vedtak med indre motseiing og eit vedtak som ikkje kan stå seg over tid.

Kor omfattande skal dette praktiserast, og kva skal det etter dette undervisast om ekteskapet og homofilt samliv? Praksis vil over tid overkjøra prinsippet om at ekteskapet er mellom mann og kvinne.

Det klassiske og bibelske ekteskapssynet ber ikkje berre i seg at ekteskapet er mellom ein mann og ei kvinne, men også ei forståing av at alt anna samliv er synd som gjer at dei som lever slik, ikkje arvar Guds rike. Dette siste vert i realiteten ikkje rekna inn i at det er to «likeverdige» syn i Dnk. Det såg vi i Borg biskop si utestenging av Alv Magnus frå preikestolane i bispedømet. Det same ser vi no i KRIK si opning for leiarar som lever i homoseksuelle forhold. Om ein vil vera tru mot Guds ord, kan ein ikkje akseptera leiarar som ope og medvite lever i strid med Guds ord, og som med livsførsla si fører andre vill.

Ei heilt anna sak er at homofile som lever etter Guds ord, kan ha leiaroppgåver på line med andre kristne. Ei anna sak er det også at folk som lever i homoseksuelle forhold er velkomne i den kristne forsamlinga for å høyra Guds ord, på line med alle andre. Enda ei anna sak er det at alle menneske skal omtalast med respekt og omfattast av kjærleik.

Johannes Kleppa

Foto: AdobeStock