Søk sunn forkynning

Når det gjeld kva forkynning ein søkjer og lyttar til, kan ein verta både for kritisk og for ukritisk. Gjennom året vil det ofte vera slik at det er den forkynninga som lyder i eins eiga forsamling, som er einaste alternativet – kanskje i tillegg til nokre arrangement utanom. Om sommaren er alternativa nesten utan grenser. Det er mange og ulike arrangement, og variasjonen i talarar og forkynning er stor. Då er det viktig å vera seg medviten kva ein vel, at ein søkjer forkynning som byggjer på sunn lære og fremjar sunn tru.

Den eine grøfta når det gjeld forkynning, er at ein er kritisk til det meste. Det er berre nokre få talarar som går gjennom nålauga, og det er desse ein alltid søkjer. Då vil den forkynninga og undervisninga ein lyttar til, verta for snever. Det er ingen forkynnar som har åndeleg innsikt og nådegåveutrustning til å forkynna heile Guds råd og vilje, eller til å løfta fram alt som ligg i ordet om krossen. Også læresveinane var ein gong for kritiske, og Jesus irettsette dei med at «den som ikkje er imot oss, er med oss». I ein diskusjon om nokre forkynnarar påpeika Paulus at «Kristus vert i alle høve forkynt».

I iveren etter å få nye impulser og aktuell forkynning kan ein på den andre sida verta så ukritisk at ein svelger nesten kva som helst, ikkje minst av forkynnarar frå utlandet. Ein ønskjer å vera positiv og open for Guds Ande, og då kan den åndeleg vurderingsevna og prøvinga av åndene verta sett til sides. Bibel har mange formaningar mot vranglære, framand ånd og eit anna evangelium. Ein kan enda opp med ein annan Jesus enn han som er Guds Son og forsonar.

No skal ein vera varsam med å stempla alt som ein er usamd med, som vranglære og liberal teologi, og enda meir varsam med å definera forkynning som eit annan evangelium og ein annan Jesus. Då har ein sagt at det er ein bodskap som ikkje er til frelse. Folk kan koma til Jesus med svært mangelfull forståing av kven han er, men det er til evig liv så sant dei går til Jesus Kristus, altså søkjer han til syndstilgjeving og frelse.

Forkynning som ein ikkje direkte vil stempla som vanglære eller liberal teologi, kan likevel vera usunn. Om mat ikkje direkte er giftig eller dødeleg, kan han vera usunn og skadeleg. Slik er det også med forkynninga. Det har med fokuset og orienteringa i forkynninga å gjera. Vi bør søkja det som er åndeleg sunt. Når apostelen Paulus gjev rettleiing til Timoteus og Titus i dei såkalla Pastoralbreva, legg han vinn på den sunne læra, dei sunne orda og den sunne trua. Som medarbeidarar for evangeliet var det det sunne dei skulle fremja, og det er rettesnora for alt kristent arbeid. Difor er det også det åndeleg sunne vi skal søkja.

Vert ikkje snever, men heller ikkje utflytande når du søkjer forkynning. Prøv forkynninga på Guds ord, og søk det bibelsk sunne. Då vil du søkja heile Guds råd og vilje forkynt, med Kristus og han krossfest som midtpunkt og orienteringspunkt. Då vil ordet om krossen få den dominerande plassen i hjarta ditt – til frelse, trøyst, kraft, utrusting og rettleiing.

Johannes Kleppa

Bilde: AdobeStock