Pinse vil misjon

Som påske vil misjon, vil pinse misjon. Som påskebodskapen vil forkynnast, har pinse gitt oss forkynnaren – Talsmannen, Den heilage ande. Påskeevangeliet må openberrast, og pinse kjem med openberrings Ande.

Pinse er kalla kyrkja sin fødselsdag og misjonen sitt startskot. Det er noko rett i det, sidan Andens kome skaper nye føresetnader for Guds rike på jorda. Samstundes vert det misvisande om ein kytter kyrkje og misjon einsidig til pinse. Guds folk har vore på jorda til alle tider, og heidningar vart innlemma i Guds folk også i den gamle pakts tid.

Pinse fører oss like fullt inn i den nye pakta og inn i Messiastida på ein ny og fullstendig måte. Den treeinige Gud openberra seg då og tok bustad i hjarto våre på ein måte som aldri før. Alt Guds folk fekk del i Guds Ande og Guds kraft. Med det har også alt Guds folk fått åndsutrustning til teneste for Gud. Det er det vi kalla det allmenne prestedømet.

Misjon kan definerast på ulike måtar, og med det får ein fram ulike sider ved misjonsarbeidet. Sjølve saka i misjonsarbeidet er at folk må verta frelste, og frå den sida sett kan misjons berre definerast på ein måte. Er ikkje målet frelse, dreier det seg ikkje om misjon.

Med utgangspunkt i pinse kan vi seia at misjon er openberring. Saka er den at alle menneske lever i åndeleg mørke, og det er berre ved openberring folk kan sjå evangeliet. Rett nok har Gud vist seg fram i skaparverket, men etter syndefallet ser mennesket ikkje evangeliet i det. Ut frå skaparverket kan mennesket søkje noko guddommeleg, men ein søkjer ikkje Kristus og frelsa i han.

Hovudbodskapen i pinsa er at Gud sende sannings- og openberringsanden til jorda. Han er omtalt som Guds talmann overfor oss. Anden skulle læra apostlane, og gjennom dei oss, alt det Jesus hadde sagt. Han skulle openberra Jesus som frelsaren. Det er dette misjon går ut på.

Det er sagt om Anden at han skulle ta det som høyrer Faderen og Sonen til og «forkynna» det for oss. Openberringsgjerninga skjer altså ved forkynning, og difor er forkynninga sjølve saka i misjonsarbeidet. Utan forkynning av Guds ord skjer det inga openberring av Jesus som frelsaren, og med det ingen misjon.

I misjonsarbeidet står vi overfor endelause utfordringar, men pinsa gjev von for arbeidet. Når vi synest oppgåvene langt overgår det vi kan makta, så får vi seia med vår svenske ven, Mikael Kero, slik han skriv ein annan stad på denne sida: «Vi får påminna varandra om att när skörden är stor och arbetarna få, så är vår viktigaste uppgift att vända oss i bön till skördens Herre.»

Johannes Kleppa