17. mai og staten

Som nasjonaldag minner 17. mai oss om at vi lever i eit fritt land. Vi har vårt sjølvstende, og kan styra i eige hus – så langt det er mogleg i ei globalisert tid. Dagen bør også minna oss om at vi materielt lever i eit av verdas beste land, slik sett lever vi på toppen av kransekaka. Det bør utløysa takk, i staden for krav. Det er å vona at vi kunne verta løyste frå det sjølvsentrerte til å spørja kva som tener vår globale neste.

Det kan synast som at nasjonalstaten er gudvilja, sjølv om Guds ord ikkje gjev bestemte grenser eller styringsmodellar. Bibelen seier at Gud «sette faste tider for dei (folkeslaga) og faste grenser mellom bustadene deira». Det hadde eit bestemt mål: «Dette gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om dei kanskje kunne kjenna han og finna han – enda han ikkje er langt borte frå ein einaste av oss.» (Apg 17,26f)

Opp gjennom tidene har det variert i kor stor grad det norske folket har søkt Gud. I dag er det uhyre lite. Om vi tenkjer ut frå 17. mai, var tida rundt 1814, då vi fekk grunnlova, ei starttid for vekkingsliv og misjonsarbeid ved Hans Nielssen Hauge og haugianismen. Rundt unionsoppløysinga i 1905 søkte det norske folket i uvanleg stor grad Gud. Vi hadde då dei største vekkingane landet kjenner, og kristenfolkets bøner medverka heilt sikkert sterkt til at unionsoppløysinga skjedde på fredeleg vis. Under andre verdskrigen søkte også folk Gud, og kyrkje og bedehus stod sterkt, sjølv om det åndelege resultatet med tanke på ettertida ikkje vart så stort som ein skulle tru.

Etter krigen har den avkristninga som byrja i mellomkrigstida, skote fart. Dei siste tiåra har det nesten vore eksplosivt. Det har mange grunnar og mange konsekvenser, også med tanke på staten. Vi har fått ein ideologisk velferdsstat som omtrent styrer folks liv frå fosterstadiet til grava. Det gjev i stor grad ytre og materielt gode kår, men det er også alt staten gjev. For mange vert livet så meiningslaust at det går på helsa laus, og alt for mange avsluttar livet for eiga hand. Åndeleg sett vert folk jordvendte framfor himmelvendte.

Det er ei gudvilja ordning med styringsmakt. Denne er del av den skaparordninga Gud brukar for å halda jorda oppe og gje levelege livsvilkår. Difor vert vi formante til å lyda og tena styresmakta, ut frå at det er denne si oppgåve å fremja den gode og hindra den vonde gjerninga (Rom 13).

Ein ideologisk velferdsstat, som styrer både gjennom lovgjeving og økonomisk makt, er også ei utfordring, fordi denne kan lett tippa over i det diktatoriske og tyranniske, ved at han med maktbruk opptrer einsrettande med tanke på livssyn og tru. Det skaper samvitstvang. Dette ser vi stadig døme på i vårt norske samfunn. På nasjonaldagen bør vi ta dette på alvor, og vi bør halda Rom. 13 saman med Openb.13.

Johannes Kleppa