Lærebrev og forsoninga

I siste nummer av Sambåndet (4/19) er det trykt eit «lærebrev» («Brev til kirkene») som ei rekkje lutherske kyrkjer og organisasjonar står bak. Det er gledeleg lesing, og det er grunn til å takka for at det framleis er nokre som står tydeleg for bibelsk kristendom og vil profilera det.

Det er eit globalt luthersk forum for vedkjenning og misjon som står bak, og desse representerer om lag 20 millionar lutherske kristne. Her er kyrkjer frå Sør-Amerika, Asia, Europa og Nord-Amerika. Det er påfallande at tyngdepunktet er utfor Vesten. Noreg er representert med Evangelisk Luthersk Nettverk. Den norske kyrkja kunne absolutt ikkje skrive under på dette dokumentet.

Det er mange sentrale moment som er formulert tydeleg i dette brevet. Det gjeld Bibelen som Guds ord, den treeinige Gud, Jesus som sann Gud og sant mennesket, Jesu frelsesverk og einaste veg til frelse, nådemidla, forkynninga og misjon – for å nemna noko i stikkords form. Brevet er tydeleg både i frelsesspørsmålet og i det som har med etikk å gjera. Dette lærebrevet gir god rettleiing til sant misjonsarbeid og forsamlingsliv.

Det er alltid formuleringar i slike uttalar som kunne vore enda tydelegare, særleg med tanke på tida det vert presentert inn i. Brevet har fanga opp fleire aktuelle etiske utfordringa og sentrale utfordringar i misjonsteologien. Det som ikkje er med, ligg implisitt i det som er sagt, sjølv om det ikkje er eksponert.

I same nummeret av Sambåndet, er det interessant nok, ei bokmelding av Arne Helge Teigen, der han vurderer ei engelsk bok av ein ung professor på MF, Asle Eikrem. Der avviser MF-professoren at Jesus sona syndene våre på krossen, og han hevdar at Jesu krossdød ikkje har noko å seia for frelsa. Det er heller slik at Jesus er frelser på tross av krossen. Det dreier seg altså om ei forsoningslære som avviser at Jesus tok straffa for syndene våre på seg på krossen, altså ei avvising av det ein på bokmål omtalar som «Jesu stedfortredende straffelidelse». Med det er sjølve grunnplanken i den bibelske frelseslæra borte.

Det lærebrevet vi omtalar her, står for klassisk bibelsk lære på dette punket som elles, men sidan det no i rundt 20 år har pågått og pågår ein internasjonal debatt om dette sentrale punktet – og der vranglæra her har fått professorstatus på MF, hadde det vore ein fordel om det var direkte uttrykt.

Johannes Kleppa