Påskebodskapen vil forkynnast

Det har ofte vorte sagt at misjon har sitt utgangspunkt i påskehendinga og påskeevangeliet. Det er ei så viktig sak at vi ofte bør gjenta det. Påskebodskapen er av ein slik karakter at han vil og må forkynnast. Påskebodskapen er samstundes slik at han skaper misjon og misjonssinn. Påskebodskapen er både innhaldet, drivkrafta og utrustninga til misjon. Gjennom Ordet og forkynninga må påskebodskapen openberrast.

Når vi talar om misjon, viser vi ofte til misjonsordren i slutten av Matteusevangeliet, og andre stader der det er eit påbod om å gå ut og forkynna evangeliet for alle folkslag. Vi viser også gjerne til bibelavsnitt som seier at trua kjem av forkynninga, og at ingen kan tru utan at dei får høyra Guds ord forkynt (Rom 10), og at ordet om krossen er ei Guds kraft til frelse (1. Kor 1-2). Vi talar også om nådegåveutrustning til teneste (1 Kor12-14). Alt dette må med når vi skal tala om misjon og kalla til misjonsteneste.

Misjon går likevel enda eit hakk djupare, ved at denne ligg innebakt i påskebodskapen, sjølve evangeliet. Om det ikkje hadde vore nokon misjonsordre i Bibelen, ville sjølve forsoningsverket likevel løyst ut misjon. Det som skjer i påskehelga, avdekker at mennesket si synd er slik at mennesket er fortapt ut frå sin eigen stilling. Jesu liding, død og oppstod er slik Jesus vart ei soning for «alle i heile verda» (1. Joh. 2, 2). Då må det også forkynnast til alle i heile verda, elles er det som skjer i påskehelga utan mål og meining.

Det er også slik at kall til misjonsteneste og utrustning til misjonsoppgåver ligg i sjølve påskebodskapen. Ved syndstilgjevinga vert vi sette inn i Guds rike og vert del av det allmenne eller heilage presteskapet, og med det sette til tenste for Gud (Op. 1, 5-6). Alle som har fått si synd tilgjeva, eig del i misjonsoppdraget, og er med det kalla til misjonsteneste. Den grunnleggjande utrustninga er altså syndstilgjevinga eller evangeliet. Der evangeliet vert sterkt og tydeleg forkynt veks det fram misjonskall og nådegåveutrustning (1 Kor. 1, 5-7)

Her som elles er det viktig at heile Gud råd vert forkynt, men med basis og orienteringspunkt i ordet om krossen. Då skapest sann misjon og ekte misjonssinn. Då får påskebodskapen føter å gå på, og får verka etter sin karakter.

Johannes Kleppa

Foto AdobeStock