Søndag er det Maria bodskapsdag, og med det er det ni månader til jul – så det gjeld å koma i gang med juleførebuinga! Det er jo førebuinga til jul denne «bodskapsdagen» handlar om. Rett nok ikkje husvask, kakebaking og gåvekjøp, men at Messias skulle fødast.
Egil Morland, professor ved Norsk Lærarakademi, har ein tankevekkande artikkel om denne dagen i Dagen 20. mars. Han kallar det ein «pedagogisk genistrek» å plassera denne kyrkjedagen ni månader før jul – «så treng vi ikkje vera i tvil om samanhengen mellom foster og fødsel». Sjølv om Maria bodskapsdag nok ikkje har den store plassen i vårt medvit, vår tenking eller vår feiring, er det faktisk ein viktig dag med ein viktig bodskap – og dagen har gjennom historia vore brukt til å markera viktige sanningar.
Morland refererer til det som skjedde under krigen i samband med at prestane la ned embetet sitt og lærarane nekta å oppseda borna etter nazistisk ideologi. Prestane la vekt på samanhengen mellom foreldra, barnet og oppsedinga – og gjorde det med Maria, Josef og Jesus som utgangspunkt. Maria bodskapsdag i 1942 – same året som prestane la ned embetet sitt i påskehelga – skreiv prestane i Oslo i ei erklæring:
«Til enkle og jevne foreldre betrodde Gud sin egen sønn av evighet og lot dem for barnet Jesus være i Guds sted. Også heri ser vi som kristne en stadfestelse av at grunnforholdet mellom foreldre og barn er en Guds skaperordning, et gudbestemt forhold som består ubrytelig og hellig for alle hjem.»
I alle landets vel 1000 kyrkjer vart det denne dagen protestert mot nazistyret sin plan om å gje dei oppveksande slektene ei nazistisk oppseding. Lærarane nekta å gå inn i ei slik gjerning, og viste til sitt guddommeleg kall som lærar, og til at Grunnlova sa at alle som var medlem i Den norske kyrkja – og det var praktisk talt alle på den tida, om dei ikkje tilhøyrde andre kyrkjesamfunn – hadde plikt til å oppseda borna i evangelisk-luthersk tru. Det var også skulen og lærarane si oppgåve.
Det var fleire som gav høyringsfråsegner til dei aktuelle planane om obligatorisk oppseding i det nasjonalsosialistiske livssynet. Menighetsfakultetet skreiv at når «staten i egenskap av verdslig myndighet vil søke å organisere en selvstendig moralsk barne- og folkeoppdragelse, uavhengig av kirken, da er det en sammenblanding av de myndighetsområder som etter bibel og bekjennelse tilkommer stat og kirke».
Det er eit svært aktuelt moment også inn i vår tid, og for å seia det med Egil Morland: «Men sjeldan ser vi det poenget nemnt, at skulen ikkje har eit sjølvstendig oppdrag i oppseding. Alt den gjer, skal vera i samsvar med det mandatet foreldra har gitt.»
Johannes Kleppa
Bilde: Adobe Stock