Møteveker i Spania

Dei siste åra har det minka voldsomt med møte- og bibelveker rundt om i Noreg. Ein del stader er det heldigvis bibelhelger med frå tre til fem bibeltimar i løpet av ei helg. På mange bedehus er det svært lite møteverksemd, og i den nye forsamlingsbygginga satsar ein stort sett på søndagsmøte. Det er veldig bra med fast møte eller gudsteneste søndag, men i praksis er det få som er til stades alle søndagane, og då kan det verta lite Guds ord ein får høyrt forkynt – og det er utarmande for gudslivet.

Eg har tenkt meir og meir på at Centro Sarepta i Spania kan avhjelpa denne situasjonen litt. Her kjører vi gjennom heile skuleåret eit bibelkurs med tre undervisningstimar fem dagar i veka. Dette fungerer både som bibelskule og møteveker.

Dei som er her og fylgjer undervisninga gjennom eit heilt år, får like mykje bibelfag og teologiske fag som ved fleire av bibelskulane. Der er det gjerne slik undervisning tre timar om dagen, og resten er linefag som idrett og musikk, eller elevane er på lange utanlandsturar. Ved å fylgja undervisninga eit heilt år på Centro Sarepta, får ein altså med seg mykje – og i tillegg kan ein ta eit nettstudium, om ein vil. Sidan kostnadsnivået i Spania er lågare enn i Noreg, vert utgiftene til «bibelskule» her omtrent som i Noreg, sjølv om vi ikkje har statsstøtte. Tek ein fag på nettet, får ein vanleg stipend og lån.

Samstundes som opplegget fungerer som bibelskule, fungerer det som møteveker eller bibelveker for dei som er her kortare tid. Ved å vera her ei veke, får ein femten undervisningstimar. Det tilsvarar tre møteveker med fem møte per veke. Er ein her to veker, tilsvarar det seks møteveker på bedehuset. Så mange møteveker er det knapt noko bedehus som har gjennom eit år no for tida. For mange vil to veker på Centro Sarepta svara omtrent til den forkynninga dei ellers får på eit heilt år.

Eg har no undervist i tre veker ved senteret, og det har vore godt med folk heile tid – særleg den siste veka når her har vore sykkelleir lagt inn i bibelkurset. Dei som er her, set stor pris på undervisninga, og kommentaren er ofte at dei skulle ha vore her lenger, og at dei vil koma att. Det å høyra systematisk bibelundervisning eller innføring i andre bibelske fag, har vore mangelvare hjå mange.

For meg går det meir og meir opp at ein base som Centro Sarepta har mange viktige funksjonar, ikkje minst som møteveker for nordmenn! I tillegg kjem undervisninga for spansktalande og den frigjeringa og utrustninga som denne gjev, med dei ringverknadene det har.

Moralen er: Når det er lite møteveker eller systematisk bibelundervisning der du bur, så kom på dei komprimerte møtevekene på Centro Sarepta! Flybilettane er ofte billige!

Johannes Kleppa

Bilde: Fra Centro Sarepta en gang salen var aldeles full