Monoteisme og den treeinige Gud

På bibelkurset på Centro Sarepta underviser ein gjennom året i mange og ulike fag, slik ein gjer ved vanlege bibelskular i Noreg. Det meste er bibelfag, der ein går gjennom ulike bøker frå GT og NT.

For tida underviser underteikna i truslære. Det har gjerne vorte rekna som dronninga av dei teologiske faga. Det er svært viktig å ha ei rett lære om Gud, og i dagens åndssituasjon i vårt land er det ekstra viktig. Tidlegare var kristentrua nokså einerådande i det norske samfunnet ved kristendomsopplæringa i skulen. No er det press frå ulike religionar, og det er sterke åndsstraumar som vil gjera omtrent alle religionar til ei og same saka. Frå islam er det ei særleg utfordring, fordi det vert hevda at muslimar og kristne i siste instans trur på same Gud.

Det er vanleg å skilja mellom religionane ut frå om dei trur på ein gud (monoteisme), på fleire gudar (polyteisme) eller om gud er i alt (panteisme). Frå ei side sett er dette ei grei inndeling, men det kan lett forvirra meir enn det oppklarer. Poenget er kva gud ein trur på. Det at ein reknar gud som ein, som i jødedom, kristendom og islam, seier ikkje så mykje. Den kristne gudstrua er heilt spesiell ved at ein trur at den eine sanne Gud er treeinig. Dette er han som i GT har openberra seg som Israels Gud, men der jødefolket ikkje har sett det. I NT møter vi Israels Gud i Kristus Jesus.

Det at Gud er ein og samstundes treeinig, er så spesielt og så i strid med logisk og rasjonell tenking, at det ville ikkje noko menneske ha kome på av seg sjølv. Det er islams Allah som er det logiske svaret på at Gud er ein. Den einaste grunnlaget vi kan læra at Gud er treeining på, – at han er eitt guddoms vesen, men tre personar i Faderen, Sonen og Anden – er at han openberrar seg slik i Bibelen. Guds ord seier at Gud er ein, men samstundes møter han oss som Faderen, Sonen og Anden – særleg i dåpsbefalinga, ved Jesu dåp og i velsigninga. Det er ved denne openberringa vi lærer den sanne Gud å kjenna, og der lærer vi også at det berre er Jesus som er vegen til Faderen, og då ved Andens opplysning.

I islam er trua på den eine Gud slik at det dreier seg om underkasting. I kristendommen er trua på den eine Gud slik at han har openberra sin kjærleik til oss ved å senda Sonen til soning for syndene våre. Det er berre den treeinige Gud som kan frelsa ved at Faderen legg syndene på Sonen og straffar dei der, og at Anden openberrar det med overtydningsmakt, slik at vi trur det til frelse.

Johannes Kleppa