Same Gud i GT og i NT?

Det er mange som opp gjennom åra har hatt problem med å halda saman det GT seier om Gud, med det NT seier om Gud. Det kan opplevast som at det er eit stort sprik mellom slik vi møter Israels Gud i GT og slik vi møter Jesus NT. Kan det verkeleg vera same Gud det er snakk om, eller har det skjedd endringar i Gud eller i måten Gud opptrer på frå den gamle til den nye pakta?

Alt i oldkyrkja var dette ei problemstilling, og særleg ein mann ved namn Markion var svært kritisk til GT og til den Gud vi møter der. Han kutta ut heile GT, og reinsa NT frå alt som hadde med GT å gjera. Han stod då att med ei miniutgåve av Bibelen. Han vart rekna som vranglærar. Om folk i dag som vedkjenner seg kristentrua, ikkje vil gå så radikalt til verks som Markion, er forholdet til Gud i GT i ei utfordring for mange. Teologar lagar også eit problem av dette.

I ein møteserie på Lura bedehus hadde underteikna som tema «Same Gud i GT som i NT», og det er faktisk viktig å fastslå det. Det er Bibelens samla vitnemål at det er slik, og at det er Jesus som openberrar kven og korleis Gud er. Jesus var aktiv frå skapinga av – ja, før det ved at Gud utvalde oss i han før verdas grunnvoll vart lagt. Jesus gjekk også inn i Guds handlemåtar og namn, særleg ved at han presenterte seg med Guds «grunn-namn» – Herren, eller «Eg er». Alle skal til sist bøya seg for Jesus og vedkjenna at han er Herren, som altså er Israels Gud.

Det er særleg Guds dom og straff, både gjennom forordningar og krigar, folk reagerer på. Det er eit omfattande tema, men ei hovudsak i dette er at det dreier som om oppgjer med synd og å setja grenser for vondskapen. Det vil Jesus gjera på ekstraordinært og endegyldig vis gjennom det som skjer ved avslutninga av denne tida, og ved hans atterkome til dom og frelse. Den som les Johannes openberring, vil kunna sjå at her vert Guds straffande handlingar i GT oppfylte og avslutta.

Bibelen seier mange stader at Jesus er biletet av Gud, den som openberrar Gud og viser oss korleis Gud er. Slik er han også vegen til Gud. Det er den same treeinige Gud vi møter i GT som i NT, men openberringa av kven han er, er tydelegare i NT enn i Gud, fordi i NT har Gud sjølv kome til jorda i sin eigen Son og Anden herleggjer han gjennom apostlane.

Johannes Kleppa