Prest i Den norske kyrkja

Det har vore ei dramatisk utvikling og endring i Den norske kyrkja (Dnk) i løpet av få år. Det har skjedd ei teologisk liberalisering i læra og ei åndeleg utvatning i forkynninga av omfattande karakter. Nokre vil hevda at det har vore like mykje ubibelsk lære og forkynning tidlegare i Dnk, særleg for om lag hundre år sidan. Det er ei tilsniking, fordi det aldri før har vore innført vranglære i kyrkja sine rituale, og der det er kyrkja sine ansvarlege organ ved Bispemøtet og Kyrkjemøtet som har gjort dette.

Samstundes med denne endringa for Dnk generelt, er det ein del kyrkjelydar som framleis står for sann bibelsk lære, og som har prestar som forkynner rett. Når vi skal vurdera situasjonen i Dnk, vårt medlemskap der og det å ha teneste i denne kyrkja, vil vurderinga vert nokså ulik om ein legg eit overordna perspektiv til grunn, eller om ein tenkjer ut frå eigen kyrkjelyd og eiga teneste. Eg har gjort det første, og meldt meg ut av Dnk. Andre tenkjer annleis, og her er knapt nokon fasit.

Skal ein verta prest i Dnk, må ein ordinerast. Det skjer normalt ved biskopen i det bispedømet ein skal gå inn i teneste. Dei fleste biskopane i dag er teologisk liberale, og alle går god for det kjønnslikegyldige vigselsritualet. Dersom ein seier at ein ikkje kan la seg ordinera av ein slik biskop, stengjer ein med det vegen totalt for teologisk konservative og bibeltru prestar i Dnk. Kan ein ikkje la seg ordinera av ein slik biskop, kan ein knapt heller vera prest under vedkomane. Dette inneber at alle bibeltru prestar må ut av Dnk og ingen må inn. Då har ein overlete all presteteneste i Dnk til liberale teologar. Det vil sjølvsagt prega gudstenester, konfirmasjonsundervisning og gravferder i stor grad. Det vil vera med og forma folks gudsbilete og kristendomsforståing i liberal retning.

Det er fullt legitimt å meina at ein ikkje kan la seg ordinera av ein liberal biskop, men då må ein vera merksam på konsekvensane av dette totalt sett. For min del kunne eg ikkje tenkt meg ein slik ordinasjon eller ei teneste i Dnk i dag, men eg finn ikkje å kunna gjera mi overtyding forpliktande for alle, og som einaste bibeltru posisjon.

Det vert i denne samanhengen vist til det Bibelen seier om forholdet til vranglærarar og til Calmeyergatelina. Calmeyergatelina, som seier nei til frivillig samarbeid med vranglærarar, har aldri vore mynta på Dnk, fordi det er ei stats- og folkekyrkja, ikkje ei forsamling som krev personleg kristen tru. Derimot har ein her talt om «det kyrkjerettslege minimum», som seier at ein må ha minst mogleg med liberale prestar og biskopar å gjera, berre det som ordninga krev. Den som vil vera bibeltru, må opptre med integritet i forhold til den sunne læra og vranglæra.

Johannes Kleppa