Sommaren er tid for generalforsamlingar og landsmøte. Også Sarepta har hatt sitt landsmøte, sjølv om det er ei nokså lita sak samanlikna med andre organisasjonar sine storsamlingar. Generalforsamlingar og landsmøte er på mange måtar organisasjonane sin hovudsamlingar. Dei samlar ofte mykje folk, og er viktige for identiteten i organisasjonen. Her er mykje forkynning og misjonsinformasjon, og det set ofte merke for lang tid.
Det kanskje aller viktigaste er med generalforsamlingane og landsmøta er at dei er organisasjonen sitt øvste åndelege styringsorgan. Det er ikkje berre slik at det er fotfolket som her kjem saman, gjer opp status, stakar ut kursen og vel sine leiarar. Det er det allminnelege prestedømet som er i funksjon, slik at nådegåvene kan fungera også med tanke på åndeleg leiarskap. Det er Guds folk eller den kristne forsamlinga som utøver sitt åndelege ansvar og kallar dei som skal leia arbeidet.
Forholdet mellom den kristne forsamlinga, altså dei som samlast om Guds ord og driv misjon, og leiarane i organisasjonane er avgjerande viktig. Om det skal kunna drivast misjonsarbeid ut over eiga forsamling, må det det skje ei organisering av arbeidet og nokre må kallast til å vera leiarar, gjerne gjennom val. Dei som samlast rundt om på bedehusa, er avhengig av leiarar dei kan ha tillit til. Åndelege leiarar vil over tid ikkje kunna fungera på rett vis om dei ikkje har tillit hjå dei som dei skal vera leiarar for. Leiarane og misjonsfolket må difor leva i korrespondanse med kvarandre. Det skjer på ulike måtar, ikkje minst gjennom forkynninga, men her er også generalforsamlingar og landsmøte viktige.
Leiarar som kjører sitt eige løp utan kontakt og i korrespondanse med misjonsfolket, er farlege leiarar. Leiarar som kjører seg opp i konflikt med Guds folk, vil mista tillit og då fell botnen bort under leiarskapet. Kristne som ikkje tek på alvor at dei må velja åndelege leiarar etter kriterier for åndeleg leiarskap i Guds ord, tek ikkje misjonsansvaret på alvor. Guds folk har ansvar for sine forkynnarar og sine åndelege leiarar.
Johannes Kleppa