Sareptanytt – nytt informasjonsblad for Sarepta

«Ein vert ikkje heit av det ein ikkje veit», er det eit ord som seier. God informasjon er avgjerande viktig for eit arbeid. Misjon Sarepta ha difor like frå starten lagt vinn på å få ut informasjon på heimesida, på facebook og i møte med folk. Vi har likevel sakna eit blad der vi kan informera litt meir grundig og varig om det som skjer, men no er det første nummeret av «Sareptanytt» like om hjørnet.

Det er Gunnar Nord-Varhaug som har hatt ansvaret for å få dette på plass, og som vil vera ansvarleg for bladet. Han opplyser at bladet går i trykken om få dagar, og at det vil innehalda stoff både frå Spania og Noreg. I tillegg vil det vera nokre artiklar av meir teologisk og strategisk karakter.

Fleire av artiklane er informasjon om Centro Sarepta og det som skal skje der framover. Andre er glimt frå utreisehelger og det som skjer i møte med det spanske folket, og kontakten over til Nord-Afrika. Det er også informasjon om arbeidet i Noreg og Norden elles. I Sareptanytt vil ein finna alt ein treng vita om arbeidet til Misjon Sarepta, og korleis ein kan melda seg på ulike arrangement og støtta arbeidet.

For alle som har epost, er det enklast å få bladet digitalt. Det er også billigast for Sarepta. Dei som ikkje har epost eller som likar best å få slike blad i posten, sender vi det gjerne på «gamle måten». Bladet kjem også til å verta brukt til utdeling der Sarepta har møte.

– Det er veldig flott at vi no får dette bladet. Det har eg sett fram til lenge. Informasjon er svært viktig, og eg gled meg til kunna dela ut Sareptanytt der eg har møte, og eg håper mange vil bestilla bladet, seier dagleg leiar Hans Bergane.

For å få bladet kan ein senda epostadressa til sareptanytt@misarepta.no, eller ringja 41 76 76 88 og oppgje namn og adresse.

 

Bilde: Fortsatt bare på pc…..men snart går det første nummeret i trykken