Torpedoar under fedrelandet

Vi har nett feira nasjonaldagen og sunge nasjonalsongar. Det er det stor grunn til, både med tanke på dei som har arbeidd fram den nasjonen vi får bu i og med tanke den fridomen og velstanden vi får leva i. Rett nok er velstanden eit tvieggja sverd, ved at han lett går over i egoistisk materialisme. Fridomen er også skjør, ved at han i vårt gjennomregulerte land med høgt skatte- og avgiftsnivå, er heilt avhengig av kva styresmakta finn rett og tenleg. Samvitspresset ligg uhyggeleg nær.

Utgangspunktet for feiringa av nasjonaldagen er grunnlova frå 1814. Sjølv om utstenginga av jødane var ein skamplett på Eidsvoll-verket, fekk vi generelt ei god og framtidsretta grunnlov. Ho bygde på ein kombinasjon av den kristne kulturarven som alt på det tidspunktet var 800 år her i landet, og fridomsideala frå den franske revolusjonen. Her var det innebygd ei spenning, men grunnstrukturen var at den evangelisk luthersk religionen skulle vera folket si tru og staten sitt fundament, og difor skulle borna oppsedast i denne trua. Det berga oss i møte nazismen under siste verdskrigen.

Dette fundamentet er i løpet av 40-50 år radikalt svekka. Det starta med ei sakte, men sikker nedbygging av kristendomsfaget i skulen, der dette i 1969 vart omdefinert frå å vera kyrkja si dåpsopplæring til å vera eit ordinært skulefag. Vegen var då ikkje lang til å omdefinera det frå eit kristendomsfag til eit religionsfag. Dette har på ein katastrofal måte svekka evna i folket til å tenkja i samsvar med den kristne naturrettstenkinga som låg som styringsprinsipp i grunnlova av 1814.

Dette har ført til at lovgjevinga og samfunnstenkinga generelt har fjerna seg frå kristen tenking og etikk. Det gjev seg utslag på mange område, men det er to lover som må kunna karateriserast som torpedoar under fedrelandet. Det er abortlova som er ei fosterdrapslov, og det er den kjønnslikegyldige ekteskapslova som er ei barnefiendtleg lov. Kva tid desse torpedoane vil eksplodera med si samfunnsøydande sprengkraft, er ikkje godt å seia. Dei har konstant negativ innverknad i folket med tanke på livet og barna, og det vil med surdeigskraft berre tilta – det ser vi no tydeleg ved bioteknologilova. Det er umogleg for eit folk og ein nasjon over tid å innretta seg i strid med naturen og biologien, altså i strid med naturretten.

Det vi kallar naturretten, er del av dei skaparordningane Gud har lagt ned i skaparverket, og som han styret folket og historia ved. Når ein innrettar seg i strid med skaparordningane og naturretten, innrettar ein seg i strid med Gud. Det må før eller seinare få dramatiske negative konsekvensar, om ein ikkje vender om og legg Guds gode vilje til grunn for liv og samfunn.

Johannes Kleppa

 

Bilde: Resultatet av at en torpedo har fullført oppdraget