«Ved en korsvei»

Overskrifta for dagens ettertanke er henta frå tittelen på ei kristen bok som kom ut for eit par veker sidan. Ordet «korsvei» kan betyr minst to ting. Den allmenne tydinga er eit vegkryss eller ein skiljeveg. Det signaliserer at ein må velja kva veg ein vil gå, og det valet kan vera viktig for vegen vidare. Ein må velja rett for å nå det målet ein har sett seg.

Den spesifikt kristne tydinga viser til krossen på Golgata, til påskebodskapen. Då gjeld det vegen til Golgata og forsoninga på krossen, og ein veg under eller i lys av krossen, der ein lever ved Ordet om krossen. Då er vi ved det heilt fundamentale vegvalet i livet, og ved den einaste vegen Gud har opna til seg – vegen i Jesu forsoningsverk og syndstilgjeving.

Boktittelen signaliserer nok begge desse to betydningane frå forfattaren si side, men det viktigaste ligg i det siste. Boka er skriven av teologen Geir Otto Holmås, og ho har undertittelen «Åpent brev til mine karismatiske venner». Holmås reknar seg framleis som karismatikar, men ut frå erfaring og ut frå forkynning og lære i mange karismatiske samanhengar har han kome til at store delar av karismatikken let seg påverka av åndelege straumdrag som er usunne og fører vilt. Dette kan vera vanskeleg å oppdaga, og det gjekk lang tid før Holmås såg det, og det kravde arbeid for å få oversikt og forstå det heile. Holmås fortener stor takk for at han har teke tak i dette, og boka bør verta ein bestseljar og tankevekkar.

Bodskapen er adressert særleg til karismatiske samanhengar, og det er ei sterk formaning til å velja «korsveien», med alt som ligg i det. Fokus og praksis i mange karismatiske samanhengar har ført bort frå sentrum i kristen lære og tru, det som ligg i Ordet om krossen og eit liv i syndstilgjeving. Vi som ikkje reknar oss som moderne karismatikarar, bør på ingen måte toa hendene våre og tenkja at her går vi klar – tvert imot.

Mykje av det Holmås skriv gjeld like mykje for dagens forkynning på bedehuset, og kunne slik også vore adressert til «mine venner på bedehuset». Dimensjonane og innfallsvinklane kan nok vera annleis på bedehuset enn i karismatiske samanhengar, men tendens til fokus på livet her og no, det livsnære, det erfaringsmessige og på relasjonar mellom menneske, er langt på veg den same. Då vert det heile dennesidig og menneskeorientert framfor guds- og æveorientert. Synda, forsoninga og rettferdiggjeringa får ikkje sin rette plass. Når sentrum og fokus vert feil, mister forkynninga og forsamlingslivet åndskraft over tid.

Boka bør vera ei hjelp til å få tilbake rett sentrum og fokus, og påskebodskapen er det som kan hjelpa oss til det. Her kan vi også læra av vekkingslivet i landet vårt gjennom tidene, og særleg av den impulsen vi fekk frå Carl Olof Rosenius. Det er berre Ordet om krossen som er Guds kraft til frelse – og til nytt liv, helging og teneste. Det er «korsveien» som gjeld.

Johannes Kleppa

 

 

Bilde: Fotolia