Dei ti boda og etikken

Eg har no undervist den tredje – og i denne omgang siste – veka på Centro Sarepta. Denne veka har temaet mitt vore dei ti boda. Det er etikkundervisninga ved Bibel- og opplæringssenteret.

Dei siste 30-40 åra har det vorte utgjeve fleire lærebøker i etikk her i landet, og eg har lese dei fleste av desse. Framstilling er generelt tematisk disponert. Nokre har fokus på spesielle område innan etikken ut frå det som er aktuelt i tida. Denne måten å skriva lærebøker i etikk på, fører lett til at det er sjølve temaet og aktualiteten av dette som styrer drøftinga og den etiske tenkinga. Då vert det heile lett allment, filosofisk, idehistorisk og ideologisk orientert. Det kan vera mykje nyttig stoff i slike bøker, og dei kan også formidla etikk som i stor grad samsvarar med kristen etikk. Det veike punktet vert like fullt at den bibelsk orienteringa og den bibelsk substansen vert svakt. Det er lite bibelmateriale i framstillinga.

I tidlegare tider var det vanleg at etikkbøker var orienterte ut frå dei ti boda, der også dei tre første var med. Denne måten gjer Aksel Valen-Sendstad det på i si «Innføring i kristen etikk» frå 1984. Det er ei stor bok på 500 sider, og der vel 200 sider er ulike typar innleiingsstoff og prinsippspørsmål for etikken. Resten er ein brei gjennomgang av boda, der dei tre første vert forstått som det som gjer etikken til kristen etikk, slik det også er i Luthers vesle katekisme. Boka er spekka med bibeltilvisningar.

Eg har brukt denne boka i førebuinga til undervisninga, og finn henne som den klart beste boka vi har på norsk som innføring i kristen etikk på ei teologisk fagleg nivå. Sidan boka er over 30 år gamal, er det ein del spørsmål som har kome opp med stor tyngde dei siste 10-åra, som ikkje er drøfta i større omfang. Det gjeld særleg homofilispørsmålet og likekjønna «ekteskap», bio- og genteknologi og miljøspørsmål. På det prinsipielle planet er sakene likevel drøfta og avklarte. Valen-Senstad er svært tydeleg på kva Bibelen uttalar seg om, og som kyrkja og forkynninga med det skal vera oppteken med, og kva Bibelen ikkje seier noko konkret om, og som difor ligg til fornufta og politikken. Nokre gonger er han så tydeleg i si konsekvenstenking og aktualisering at ein kan stilla eit og anna spørsmålsteikn, men det er berre bra.

Etikken er eit forsømt område innen konservativ fagteologi. Så vidt eg veit, er det ingen med professorkompetanse innan etikk på teologisk konservative høgskular her i landet. Det er heller ikkje produsert nye etikkbøker frå desse samanhengane – og slik trur eg det er i Norden generelt. Dette er ein stor veikskap for Kristen-Noreg i dei mange etiske problemstillingane og debattene vi står overfor i dagens samfunns- og åndssituasjon. Det fører lett til at den etiske refleksjonen vert svak og påverka av liberalteologisk tenking. Kankje dette kan vera ei oppgåve å ta tak i for Fjellhaug Internasjonale Høgskole i samarbeid med Dansk Bibelinstitut?

Johannes Kleppa