To nyttårstalar

Tradisjonen tru heldt både kongen og statsministeren tale ved inngangen til eit nytt år også dette årskiftet. Mange legg merke til kva våre fremste nasjonale leiarar seier i talane sine, særleg gjeld det kongen. Kong Harald har utvikla seg til ein god talar som i ulike situasjonar fokuserer på forskjellige aktuelle spørsmål. Fleire har peika på at han ofte framstår som ein omsorgsfull og moralsk rettleiar for folket. Statsministeren talar meir ut frå den politiske situasjonen, og tek opp utfordringar som folket og landet slik sett står overfor.

Sjølv om årets talar var ulike på mange måtar, var bodskapen i stor grad den same. Hovudpoenget var at vi har ansvar for kvarandre og må ta oss av kvarandre. Det gjeld både på det personlege og det politiske planet. Vi bur i eit godt land, og dei fleste har det svært godt, men det er alltid nokre som fell utafor velferdssamfunnet, og det er alltid nokon som slit på det personlege planet.

Det som slo meg etter å ha høyrte begge talane, var at dette var gode talar som tok opp viktige spørsmål og som utfordra til eit liv prega av omtanke og omsorg, men ingen av talarane tok opp kor denne omtanken og omsorga skulle koma frå. Dei viste ikkje til kjelda eller krafta som skaper det dei ville ha i samfunnet. Slik sett var det som talane hang i lause lufta, eller dei var som avskorne blomster som ikkje fekk vatn. Tankane hadde ikkje noko feste som gav næring eller retning, ut over talaren sjølv. Bodskapen hadde ikkje røter i fruktbar jord.

Slik er det ofte no for tida, og nyttårstalane var slik sett symptomatiske. Det som vert sagt, vert på mange måtar rekna som sjølvsagt allmennstoff eller som typiske «norske verdiar». Ein gløymer eller ser bort frå at verdiane om kjærleik, omtanke, omsorg , fordeling og det å hjelpa kvarandre, ikkje har vakse fram i eit vakuum eller ideologisk tomrom, men i eit samfunn prega av kristen tru og tenking. Ein kan berre sjå på kva som skjedde her i landet ved kristninga for om lag tusenår sidan, eller ved å sjå på land i dag som er prega av anna tru og andre ideologiar.

I dette perspektivet er det tankevekkande at begge nyttårstalane er innramma av nasjonalsongar, og alle våre nasjonalsongar er prega av kristen tru og tenking – fordi dei vart til i ei tid då detter styrte tenkinga. Desse songane lærer oss difor at det er Herren som er opphavet til alt godt, at det var ved Ordet lys strøymde over landet, at Gud må vera bygningsmann og utan at Den Allmektige verner landet, vaktar vaktmennene fånyttes.

Dei gamle og kjende nasjonalsongane gjorde difor at talane trass alt ikkje hang heilt i lause lufta, men at dei vart haldne i ei ramme som gav ei viss kraft til bodskapen.

Johannes Kleppa